Spikaren i kista
GITTERA HAR GÅTT NED: Stille på Amfi Moa ein kvardag like før påskeveka. Nesten halvparten av butikkane hadde stengt.
Analyser

Spikaren i kista

Før påskeveka starta hadde omlag 90 bedrifter på kjøpesenteret Amfi Moa stengt dørene på grunn av koronatiltaka. Alle er ikkje der når koronaepidemien er over.

09.04.2020
I en artikkelserie i påska ser NETT NO på kva som kan bli dei langvarige konsekvensane av koronapandemien. Dette er andre artikkel i serien.

ANALYSE


Allereie i 2020 er det mogleg å nå fire milliardar kroner i omsetning på Moa. Det sa Torbjørn Torske, utviklingsdirektør kjøpesenter i Olav Thon Gruppen då selskapet opna den nye delen av senteret 1. november i 2018.
Utvidinga omfatta rundt 30 nye butikkar, kinosenter med seks kinosalar og fleire kafe- og restaurantar. Før utvidinga selde butikkane, serveringstadane, frisørane og andre servicebedrifter på Moa for til saman 2,8 milliardar kroner i året. Torske trudde på 3,5 milliardar kroner i 2019, før det skulle vekse til fire milliardar i 2020.

Det gjekk ikkje så bra som spådd i 2019 og koronaeffekten gjer at det ikkje kjem til å bli som det vart spådd i 2020 heller.
2,96 milliardar kroner blei fasiten for 2019 i følgje Thon Gruppen sine eigne tall. I lys av at det etter utvidinga både blei meir plass og fleire butikkar er det i realiteten snakk om at gjennomsnittsbutikken på senteret har fått ein mindre del av kaka.
Milliardauke vil merkast, skreiv vi her i NETT NO om konsekvensane av utvidinga av kjøpesenteret på Moa. Tala viser at kapasitetsauken mellom anna merkast også hos dei som alt var etablert på senteret frå før.

Det vi ser på Moa er ikkje noko særsyn, men typisk for varehandelen, som har vore under press i fleire år, med fallande marginar og konkursar.
Den siste store aktøren som kasta korta var Gresvig, som forsynte G-Sport og Intersportbutikkane med varer i tillegg til å drive mange av butikkane sjølv. Så langt er status der at Sport1-eigar Bjørn Rune Gjelsten og tidlegare Gresvig-eigar Olav Nils Sunde kjøpte store deler av buet. Dei vil drive Sport 1 og Intersport vidare - og droppe Gresvig-namnet - men med færre butikkar enn før.

Sparebank1 SMN revurderte sitt syn på handelsnæringa i 2018 og spådde året etter avtakande vekst, svekka lønsemd og fleire konkursar framover.

Den spådommen viste seg å slå til lenge før koronaepidemien kom.
Varehandel er ein bransje som sleit på førehand, og som no er råka av at kundane held seg unna.
Mykje av det som er seld i butikkane er importerte varer. I klesbutikkane er det sjeldsynt med eit plagg som er sydd i Noreg.
Heilt sidan oljeprisfallet i 2014 har import blitt stadig dyrare. Grunnen er ei ugunstig valutakursutvikling, sett frå importørane si side. Truleg har konkurransen gjort at til dømes klesbutikkane halde att på prisauken for å ikkje tape marknadsandelar, og håpa på at vekslingskursen mellom norske kroner og utanlandsk valuta skal blir meir som den var før 2014.
Kort sagt har dei ofra lønsemda for å halde på kundane.
Det er tvilsamt om butikkane kan og vil ta seg råd til å halde fram på det viset når dei opnar dørene etter epidemien. Klesplagg og andre importerte varer blir dyrare. Det vil i sin tur gjere at folk handlar mindre.
Den som før kjøpte to dressar i året vil nøye seg med ein. Kjøkkeninnreiinga kan duge eitt år til - eller fem. Det trengst ikke ny bil kvart tredje år.
I år blir det heller ikkje noko lønstilegg å snakke om. Mange risikerer å ha ein dårlegare økonomi når 2020 er omme enn dei hadde då året starta. Det gjer at dei ikkje er like lystne på å opne lommeboka som før koronakrisa. Også dei som vart permitterte, men fekk jobben tilbake, vil halde att.
Konsekvensen er mindre handel, og med det truleg også færre butikkar - og mindre etterspørsel etter butikklokale.
Kjøpesentra var alt før koronakrisa kom på veg mot å bli ein møteplass med mange andre funksjonar enn handel. No vil jakta på alternativ bruk av lokala skyte fart.
I en artikkelserie i påska ser NETT NO på kva som kan bli dei langvarige konsekvensane av koronapandemien. Dette er andre artikkel i serien.





I denne episoden kan du høyre regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal og direktør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal snakke om korleis bedriftene blir treft av koronakrisa - og kva som blir gjort for å hjelpe dei. Podcasten er eit annonseprodukt.
Varehandel er ein bransje som sleit på førehand, og som no er råka av at kundane held seg unna

Publisert: 09.04.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59