Stor og skjult arbeidskraftreserve
Nav-sjef trur ikkje på dramatisk auke i arbeidsløysa i Møre og Romsdal. Får han rett, er det godt nytt for ei stor gruppe utanfor arbeidslivet.
ANALYSE:
Denne veka har NETT NO publisert fleire artiklar om arbeidsmarknaden for utanlandsfødde personar.
Denne artikkelen inneheld eitt nytt tal, som understrekar kor viktig problemstilling det er snakk om.
Først eit tal NETT NO allereie har publisert: 1100
I dei fire kommunane Ørsta, Herøy, Ulstein og Volda bur det til saman 1100 utanlandsfødde personar i alderen 20-66 år som ikkje er i arbeid. Det utgjer nesten 30 prosent av alle personar i denne gruppa.
Dei fire kommunane var medarrangørar av jobbmessa- og rekrutteringsarrangementet "Give a job" tysdag 24. januar, der ein del av dei potensielle arbeidstakarane med utanlandsk bakgrunn møtte sine potensielle arbeidsgivarar.
Her er det nye talet: 7000
7000 er summen av utanlandsfødde personar utanfor arbeidslivet i alderen 20-66 år i heile Møre og Romsdal. Det utgjer 25,6 prosent av alle utanlandsfødde i denne aldersgruppa. Tala er henta ut av Nav-statistikken.
7000 er nesten like mange som alle som bur i Sykkylven kommune.
I den offisielle arbeidsløysestatistikken frå Nav var det 2106 heilt arbeidslause og 1050 delvis ledige i fylket ved årsskiftet. Det er berre å legge saman så ser du at dei fleste av dei 7000 ikkje er med i den offisielle arbeidsløysestatistikken. (Du må melde deg som arbeidsledig for å vere med i den statistikken).
Det er truleg urealistisk å rekne med at alle dei 7000 utanlandsfødde som står utanfor arbeidslivet kan få jobb. Det handlar mellom anna om at ikkje alle er kvalifisert til dei jobbane som finst. Men om berre halvparten av dei 7000 er kvalifisert for arbeidslivet er dei likevel fleire enn dei som er offisielt registrert som arbeidslause i fylket.
Det er minst to måtar å sjå dette talet på, eit kostnadsperspektiv (potensielt høge sosialhjelp- og andre trygdekostnadar) og eit inntektsperspektiv (ein dårleg utnytta arbeidskraftreserve).
Uansett kva perspektiv ein vel, er konklusjonen at det er ein fordel å få flest mogleg i denne gruppa i arbeid og overvinne dei barrierane som eventuelt manglande språkkunnskap og kulturell ulikskap representerer.
Om det er flust med arbeidskraft ville denne gruppa ligge dårleg an. Då er den ekstra innsatsen som truleg må til for å rekruttere arbeidskraft med utanlandsbakgrunn ikkje naudsynt. Men det blir ikkje slikt, etter Stein Veland si vurdering. Han er direktør for Nav Møre og Romsdal.
- Eg trur ikkje det blir dramatisk, seier Veland om utviklinga framover. Arbeidsløysa vil halde seg under tre prosent i Møre og Romsdal.
I dag er vi i ein situasjon der mange arbeidsgivarar slit med å få tak i kvalifisert arbeidskraft. Ved årsskiftet var 1,5 prosent av den registrerte arbeidsstyrken i Møre og Romsdal heilt arbeidslause. Om den andelen skulle stige til 2,5 prosent er det neppe nok til å snu arbeidsmarknaden heilt rundt.
Den dårleg utnytta arbeidskraftreserven som dei utanlandsfødde utanfor arbeidslivet representerer, vil framleis ha eit potensiale.
Les også
Interessa for å delta på jobbmesse retta mot utlendingar er langt høgare enn NAV hadde venta.
Publisert: 29.01.2023 05:00
Sist oppdatert: 07.02.2023 00:32