Stad skipstunnel Illustrasjon Kystverket
NY VURDERING: Regjeringa vil ha ei ny vurdering av Stad Skipstunnel. Illustrasjon: Kystverket
Analyser

Kalddusj om skatt og samferdsel

Samferdselsatsinga til Solberg-regjeringa kjem aldri tilbake og skattane til Støre-regjeringa er tunge å bli kvitt, spår tidlegare Frp-topp og justisminister.

14.05.2023
ANALYSE

Spådommen er Tor Mikkel Waras. Han deltok på advokatselskapet Adviso sitt formiddagsmøte om rammevilkåra for næringslivet torsdag 10. mai. Den tidlegare Frp-toppen og justisministeren gav dei omlag 200 frammøtte ein liten kalddusj, både når det gjeld forventingar til samferdselsutbygging og reversering av skatteauke.

Det gjekk troll i ord. Allereie dagen etter kom revidert statsbudsjett - med beskjed om at Stad Skipstunnel skal vurderast på nytt. Den er blitt for dyr.

Om tilhøyrarane ikkje vart mismodige når det gjeld samferdselsutbygging hadde Wara ein bodskap til: Skatteauken som Støre-regjeringa har fått innført for næringsliv og bedriftseigarar blir ikkje fjerna over natta.

Ap/Sp-regjeringa har auka skattane meir sidan den fekk makta for knappe to år sidan, enn Solberg-regjeringa greidd å kutte i løpet av åtte år, seier Wara til NETT NO.

Høgre har nyleg fått Finansdepartementet til å berekne kor mykje oppdrettselskapa må betalt i skatt med regjeringa sitt framlegg til såkalla grunnrenteskatt. Svaret er 16-17 milliardar kroner. Føresetnadane for reknestykket kan endre seg, og næringa sjølv har tidlegare berekna at konsekvensen av framlegget er ein ekstraskatt på rundt 10 milliardar kroner, men beløpa illustrerer uansett at det er snakk om mykje pengar som skal inn i statskassa.

Adviso seminar 10 mai foto Ogne
FULLT HUS: deltok på advokatselskapet Adviso sitt formiddagsmøte om rammevilkåra for næringslivet torsdag 10. mai. Foto: Ogne Øyehaug

Wara si oppgåve var å forklare dei omlag 200 frammøte korleis regjeringa arbeider når statsbudsjettet blir laga og kor mykje - eller lite - handlingsrom politikarane har.

Støre-regjeringa har eit tøffare utgangspunkt enn Solbergregjeringa hadde, etter Wara si vurdering - rett og slett fordi trygde- og helseutgiftene veks og veks, utan at politikarane gjer eit einaste vedtak. Det blir fleire eldre, dei eldre utgjer ein aukande del av folket og lever lenger. Dei 5-6 frie milliardane kronene ekstra som Solberg-statsrådane kunne legge på budsjetta sine er der ikkje lenger. Dei er allereie bundne opp. På toppen av dette kostnadane som kjem knytt til krig i Ukraina, opprustning av Forsvaret og prisstigning.

Konsekvensen blir mellom anna at den stortstilte satsinga på nye samferdselprosjekt under Solbergregjeringa ikkje kjem tilbake. Det var ekstraordinært, og heller ikkje Solberg gjer comeback i statministerstolen i 2025 kan ein vente seg slike investeringar igjen, etter Wara si vurdering.

Stad Skipstunnel kan fort ende opp som ei symbolsak, der kysten står mot sentralmakta, der kostnadane til slutt ikkje spelar så stor rolle.

Men Wara sitt poeng gjeld likevel, sjølv om Stad Skipstunnel skulle bli berga. Han trur også at mange prosjekt som står i den gjeldande Nasjonal Transportplan ikkje blir realisert, og at neste Nasjonal Transportplan blir mindre ambisiøs enn dagens. Det kan mellom anna bety at ferjefritt samband mellom Sula og Hareidlandet og under Romsdalsfjorden blir skubba ut i æva, eventuelt med hjelp av litt intern kjekling på Nordvestlandet.

Trygve Slagsvold Vedum statsbudsjettet 2023
SKATTEAUKE FOR NÆRINGSLIVET OG BEDRIFTSEIGARAR: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) under framlegginga av statsbudsjettet for 2023. Skjermfoto

Det er lettare å gjennomføre ein skatteauke enn å reversere den, åtvara stortingrepresentant Alfred Bjørlo i fjor haust.

Blir skatteauken, og spesielt grunnrenteskatten på oppdrett, først innført blir den ikkje reversert på 1-2-3, sjølv etter eit regjeringsskifte, etter Bjørlo si vurdering.

- Det for store beløp til det, sa han.

Det er ei vurdering Wara deler.

Det kan fort bli slik at næringslivet må prioritere kvar det ønskjer ei eventuell ny Solberg-regjering skal kutte, i grunnrenteskatten for oppdrettsnæringa, eller formuesskatten som omfattar eigarar av alle slags bedrifter.

Publisert: 14.05.2023 05:00

Sist oppdatert: 12.09.2023 22:53