Ferje Geiranger foto Ogne
FLEIRE OM BEINET: Selskapet The Fjords vil bygge om sine to eldre ferjer på Geirangerfjorden, slik at dei kan gå på batteri. I tillegg vil selskapet Flakk Starck trafikkere Hellesylt-Geiranger med to fjerer, og Cruise Service drive ei rein passasjerrute på strekningan. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Trangt på Geirangerfjorden

No er det to selskap som vil drive bilferje på Geirangerfjorden. Det kan bli spennande. Kanskje for spennande for nokon.

24.09.2023
ANALYSE

Fylkespolitikarene i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal utsette i førre månad handsaminga av søknaden frå selskapet The Fjords om å få drive ei heilkommersiell bil- og passasjerferje mellom Geiranger og Hellesylt. Når utvalet møtes for siste gang før eit nyvald fylkesting tek over, tysdag 26. september, står søknaden på saklista igjen.

Sist ville utvalet ha meir tid for å få avklart detaljar om ferjekaia på Hellesylt. Det har utvalet fått, men i mellomtida har det dukka opp to nye faktorar som neppe gjer det lettare å vurdere saka.

Den første faktoren er eit innspel frå reiselivsnæringa i Geiranger og Stranda kommune i ryggen.Dei vil gi eitt selskap einerett på den lønsame sommarsesongen i bytte mot at det selskapet som får eineretten må drive ruta på heileårsbasis.

Den andre faktoren er søknaden frå selskapet Flakk Starck, som kom denne veka. Flakk Starck vil drive to bil- og passasjerferjer på fjorden - og den eine av dei skal også gå om vinteren.

Det er fylkeskommunen som har mynde til å gi løyve til å drive heilkommersiell bil- og passasjerferje på Geirangerfjorden, men det myndet handlar om å sikre at sikre at trafikken foregår innenfor tryggleik- og miljøreglar.

Fylkeskommunen skal ikkje betale noko for at The Fjords og Flakk Starck frakte passasjerar og bilar mellom Geiranger og Hellesylt, til skilnad frå dei fleste ferjesamband der stat eller fylke er med på å finansiere trafikken. Der er det til gjengjeld krav om heilårsdrift. Det er det ikkje på Geirangerfjorden.

Som det går fram av innstillinga frå Fylkeskommunedirektøren er det ingenting i vegen for at fleire kan trafikkere sambandet, og ho rår også til at både The Fjords og Flakk Starck får ja til å drive ut 2032.

Det er vanskeleg å sjå for seg at medlemane i samferdselsutvalet skal seie ja til berre eitt av selskapa, for då gir du brått eitt selskap monopol, utan å kreve noko attende.

Dermed kan det bli konkurranse om kundane. Skal The Fjords tene like godt på ruta som i dag må trafikken auke nok til at den ekstra kapasiteten Flakk Starck vil tilføre ikkje går ut over inntektene til The Fjords. Eventuelt kan prisane aukast, men med ein konkurrent å ta omsyn til blir det vansklegare.

(Konkurransen blir ytterlegare skjerpa om selskapet Cruise Service får ja til ei rein passarsjerrute mellom Geiranger og Hellesylt, slik Fylkeskommunedirektøren tilrår.)

Fylkesutvalet har det travelt. Det gjer det vansklegare å utsette saka. Det er det statlege kravet om at trafikken på fjorden skal vere CO2-utsleppsfri frå 2026 som gjer at det hastar. Det betyr at diesel ikkje lenger lenger kan vere drivstoff, slik som på ferjene i dag.

For å rekke fristen må selskap som vil satse utsleppfritt få tid til å bygge nytt, eller bygge om dei fartøya som skal brukast. Fristen gjer det vanskeleg for fylkespolitikarane å utsette saka nok ein gong, for å vurdere om fylket heller skal satse på å gi eitt selskap monopol i bytte mot heilårsdrift. Spesielt vanskeleg blir det fordi Flakk Starck vil gå for heilårsdrift frå start.

The Fjords vil bygge om sine to ferjer til batteridrift og lade på Hellesylt. Flakk Starck vil bruke hydrogen som skal produserast på Hellesylt av selskapet Norwegian Hydrogen som energiberar. Flakk-familien er på eigarsida i både Flakk Starck og Norwegian Hydrogen. Hydrogenfartøy på fjorden vil vere eit utstillingsvindu som kan løfte Norwegian Hydrogen si satsing på hydrogenproduksjon.

Valet til både stat og fylke er per i dag å ikkje blande seg i kva for teknologi det skal satsast på for at ferjetrafikken skal bli utsleppsfri - sjølv om Norwegian Hydrogen har fått statleg støtte til å utvikle hydrogenproduksjon og produksjonsanlegget på Hellesylt blir det første produksjonanlegget til selskapet.

Blir det ja til begge selskapa er neste spørsmål korleis dei skal få nok energi.

Kombinasjonen små elvekraftverk og liten kapasitet på kraftlinene som frakta straum ut og inn til Hellesylt gjer at Hellesylt har såkalla innestengt kraft. Når veret og nedbøren er slik at kraftverka på Hellesylt går for fullt er det ikkje kapasitet nok til å få all krafta ut i marknaden, og kraftverka taper inntekter.

Utgangspunktet for Norwegian Hydrogen-satsinga var mellom anna å bruke denne innestengte krafta til å spalte vatn og lage hydrogen og oksygen. Oksygenet kan mellom anna brukast til oppdrettsnæringa og hydrogenet som energiberer til dømes på ei ferje mellom Hellesylt og Geiranger.

The Fjords sine plan er å lade ein diger flytande batteribank på Hellesylt i ro og mak medan ferjene er på veg inn og ut av fjorden. Når ferjene ligg ved kai for å losse og laste folk og bilar i Hellesylt skal dei hurtigladast frå batteribanken.

Fordelen med batteri kontra hydrogen er at mindre energi går til spille i prossesen fram til propellane , men effekten Flakk Starck sine lette og nye fartøy samanlikna med The Fjord sine gamle ferjer kan redusere skilnaden.

Uansett betyr to konkurrentar på fjorden også to konkurrentar om straumen på Hellesylt. Det er i alle fall bra for kraftverk-eigarane.

Publisert: 24.09.2023 05:00

Sist oppdatert: 29.09.2023 09:54