Jan Frode Janson Stig Brautaset Sparebank 1 SMN Sparebank 1 Søre sunnmøre foto Ogne
SAMANSLÅINGAR: Får Sparebank 1 SMN-sjef Jan-Frode Janson og Sparebank 1 Søre Sunnmøre-sjef Stig Brautaset det som dei vil bli det samanslåing av dei to bankane i år. Det blir den tiande sparebanksamanslåinga dei siste fem åra. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Utfordring til dei regionale storbankane

Sparebanken Møre og Sparebanken Sogn og Fjordane kjem i klemme om Sparebank 1 Søre Sunnmøre blir ein del av Sparebank 1 SMN.

26.06.2022

ANALYSE

Sparebankane blir færre og større. Denne veka var det Sparebank 1 SMN og Sparebank 1 Søre Sunnmøre som varsla samanslåing.

Om styra i dei to bankane får det som dei vil, kjem generalforsamlingane i dei to bankane til å godkjenne samanslåinga i november i år.

På pressekonferansen gjorde Sparebank 1 SMN-sjef Jan-Frode Janson og Sparebank 1 Søre Sunnmøre-sjef Stig Brautaset det klart at eitt av måla var å styrke satsinga i nordre deler av Sogn og Fjordane.

Der er Sparebanken Sogn og Fjordane den dominerande sparebank, men kan no få ein stor konkurrent frå nord. Frå før er Sparebanken Vest ein stor konkurrent frå sør.

Sparebanken Vest opna kontor i Ålesund i fjor, og skal auke staben der ytterlegare.

Også Sparebanken Møre har dermed fått konkurrent både frå nord og sør.

Det Sparebanken Møre og Sparebanken Sogn og Fjordane har felles er at dei er store, men innan eit meir geografisk avgrensa område enn Sparebanken Vest, med hovudkontor i Bergen, og Sparebank 1 SMN, med hovudkontor i Trondheim.

Konkurransen frå nord og sør, for både Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Møre, er der allereie og vil vere der også om Sparebank 1 Søre Sunnmøre ikkje går inn i Sparebank 1 SMN.

Det ein eventuell fusjon kjem til å gjere er å forsterke konkurransen.

Sparebanken Møre har tilsett fleire folk for å styrke seg i konkurransen, og starta oppbemanninga allereie i fjor.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre vart skipa som Volda og Ørsta Sparebank i 1854. Namneskiftet til Sparebank 1 Søre Sunnmøre kom som ein del av satsinga på ytre Søre Sunnmøre, inn på eit område der Sparebanken Møre var godt etablert.

Banken er i no i ferd med å tilsette folk for å opne kontor i Stryn, og Stig Brautaset har fleire gangar snakka om at banken vil satse i Nordfjord.

Å slå seg saman med Sparebank 1 SMN vil gi meir kraft bak vekstambisjonane til Brautaset. Difor er det ikkje underleg at Sparebank 1 Søre Sunnmøre-styret er positive til å bli ein del av Sparebank 1 SMN, sjølv om det betyr slutten på 168 år som sjølvstendig bank.

Sparebank 1 SMN er allereie på plass med kontor i Førde. Om Sparebank 1 Søre Sunnmøre seier nei til å slå seg saman, kan Sparebank 1 SMN satse sørover på eiga hand. Det er nok ei vurdering som også styret i Sparebank 1 Søre Sunnmøre har gjort seg.

Janson og Brautaset brukt også stordriftsfordelar som forklaring på kvifor det er ei god løysing av Sparebank 1 Søre Sunnmøre blir ein del av Sparebank 1 SMM.

Kapitalkrava er strengare for mindre bankar. Dei må stille med meir eigenkapital bak kvart lån til bustadkjøparar.

Det er ei urimeleg ulikebehandling av mindre bankar, skriv leiar for Storebrand Bank , Camilla Leikvoll og konsernsjef Odd Arild Grefstad i Storebrand i eit innlegg i Nettavisen i mai i år.

Dei håpar på regjeringa:

"Måten regleverket er utformet på i Norge gjør det vanskeligere å utfordre de store bankene. Hurdalsplattformen gir imidlertid håp. Reguleringen skal ikke påføre mindre banker unødig strenge regulatoriske krav, og det er viktig å sikre likeverdige konkurransevilkår mellom små og store banker, står det der".

Så langt er det berre eit håp.

Publisert: 26.06.2022 05:00

Sist oppdatert: 28.06.2022 20:37