Stig Brautaset Jan Frode Janson Trond Teigene foto Sparebanken Sogn og Fjordane Kjerpeset foto Ogne
FLEIRE AKTØRAR: Stig Brautaset og Jan-Frode Janson (innfelt t.h) varslar at Sparebank1 Søre Sunnmøre/Sparebank1 SMN vil bli ein tøffare konkurrent for både for Sparebanken Vest-sjef Jan Erik Kjerpeset (innfelt t.v) og Sparebanken Sogn og Fjordane-sjef Trond Teigene. Foto: Ogne Øyehaug/Sparebanken Sogn og Fjordane.
Nytt

Fryktar ikkje konkurransen

Sparebanken Sogn og Fjordane-sjef Trond Teigene trur ikkje konkurrerande sparebankar trugar banken sin posisjon.

22.06.2022

Sparebank1 SMN og Sparebank1 Søre Sunnmøre vil slå seg saman, og auke satsinga i Sogn og Fjordane.

Sparebank1 SMN har allereie eitt kontor i Førde og Sparebank1 Søre Sunnmøre er i ferd med å tilsette folk for å opne eit kontor i Stryn. Sogn og Fjordane nord for Sognefjorden blir ein region dei to bankane skal satse enda sterkare på ved ei eventuell samanslåing.

Det varsla dei då planen om ei samanslåing vart presentert tysdag.

Lite endring
- Eg ser ikkje at det er ei stor endring i konkurransesituasjonen, seier administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Både Sparebanken Vest, med hovudkontor i Bergen, og Sparebank 1 SMN er allereie på plass i Sogn og Fjordane og Sparebank1 Søre Sunnmøre si komande etablering i Stryn er kjent. Om Sparebank1 Søre Sunnmøre og Sparebank1 SMN går saman endrar det ikkje stort på realitetane, etter hans vurdering.

Solid posisjon

Sparebanken Sogn og Fjordane har seks av ti aksjeselskap i Sogn og Fjordane som kundar, og halvparten av utlån til privatpersonar i Sogn og Fjordane er frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Banken har og satsa på utlån til privatpersonar utanom Sogn og Fjordane. Det betyr i hovudsak lån med pant i bustad. Slik lån utgjer nesten halvparten av alle utlån til privatpersone, og der den delen av utlånsverksemda til banken som aukar mest.

Teigene erkjenner at store bankar har ein fordel i og med at regelverket tillet dei å ha større utlån i høve til eigenkapitalen i banken, men meiner Sparebanken Sogn og Fjordane kompenserer for det med større nærleik til kundane.

Ingen samtalar
Planen om å slå saman Sparebank1 Søre Sunnmøre med Sparebank1 SMN kom opp etter ein invitasjon til samtalar frå Sparebank1 SMN.

Planen til Sparebanken Sogn og Fjordane er å halde fram som sjølvstendig bank.

- Vi er ikkje i den type samtalar, seier Teigene.

Publisert: 22.06.2022 14:12

Sist oppdatert: 22.06.2022 14:23

Mer om