Helge orten loen foto marius 11
NEI TAKK: Finanspolitiske talsperson for Høgre, Helge Orten, og kollegaene frå Krf, Venstre og Frp har trekt seg frå forhandlingane med Ap/Sp-regjeringa om grunnrenteskatt på oppdrett. Foto: On
Analyser

Valde konflikt i staden for avklaring

Oppdrettsbransjen må vente på Stortingsvalet 2025.

21.05.2023
ANALYSE

Etter at alle partia som sat i Solbergregjeringa har trekt seg frå forhandlingane om grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa er det klart at det blir omkamp om skatten dersom Støre-regjeringa må seie takk for seg etter Stortingsvalet i 2025.

Slik meiningsmålingane ser ut nett no ligg Erna Solberg an til å gjere comeback i statsministerstolen om litt over to år.

I starten av denne veka sa både Høgre, Venstre og Krf takk for seg og forlet forhandlingane med regjeringa om korleis grunnrenteskatten for oppdrettsnæringa skal blir. Regjeringa vil ha ein skatt på 35 prosent på overskotet frå sjøbasert oppdrett, i tillegg til den ordinære selskapsskatten på 22 prosent.

Alt for mykje, meiner det tre partia, som også er misnøgde med den generelle skatteauken for bedrifter og bedriftseigarar.

"Høyre, Venstre og Kristelig Folkeparti har i dag valgt å forlate samtalene med regjeringspartiene og SV om grunnrenteskatt på havbruk. Avstanden mellom tilbudet som ligger på bordet og et bærekraftig skattesystem for en av Norges viktigste næringer er for stor.", skreiv dei tre partia i ei felles pressemelding.

Frp forlet forhandlingane tidlegare.

Skal forhandlingsbrotet har noko meining må Høgre, Venstre, Krf og Frp vurdere det slik at dei kan få til noko betre - sett frå sin ståstad - om dei får tilbake regjeringsmakta i staden for å vere med på eit forlik som hindrar dei i å gjere endringar etter eit regjeringsskiftet.

Dei fire partia kunne inngå eit forlik no, og likevel gjere om på reglane etter eit eventuelt regjeringsskifte. Men det ville vere eit tillitsøydeleggande brot på skikk og bruk i politikken, som kunne kome til å straffe seg i lang tid framover. Då er det betre med ei open og ærleg usemje, slik som no.

Konsekvensen av usemja er imidlertid at det er oppdrettsnæringa som har fått eit dilemma.

Regjeringa og SV vil forhandle seg fram til ein skatteauke som får fleirtal i Stortinget, men som kanskje blir endra igjen etter valet i 2025.

Investeringar i milliardklassen blei sett på vent etter at finansminister Trygve Slagsvold Vedum og statsminister Jonas Gahr Støre 28. september 2022 inviterte til pressekonferanse for å fortelle at regjeringa ville legge grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa. Skatten skal gjelde fra 1. januar i år, sjølv om den enno ikkje er vedteken i Stortinget.

Bransjen valde vente å sjå kva som faktisk blir vedtatt - og vurdere investeringsplanane når vilkåra var klare.

Etter forhandlingbrotet er situasjonen at dei vilkåra som blir vedtatt no ikkje treng vare lenge.

Det sannsynlege utfallet av det er at ein del investeringsplanar som vart lagt på is i fjor haust blir tatt fram igjen. Dei investeringane som utan tvil vil løne seg og som oppdrettsbedriftene vil tape på å vente med blir gjort. Å utbetre flaskehalsar eller utbetringar som aukar avkastninga frå eksisterande anlegg er døme på det.

Andre, større nyinvesteringar kan kome til å bli liggande i skuffa ei stund til. Om det ikkje hastar er det like godt å vente til 2025, og sjå korleis det går i valet då.

Grunnrenteskatten gjer dessutan at det uansett blir mindre avkastning etter skatt, og dermed mindre å investere med for oppdrettselskapa. Investeringar i andre bransjar, eller i oppdrett i utlandet blir også relativt meir attraktivt enn investeringar i sjøbasert oppdrett i Noreg.

Ivan Alver i Saga Corporate Finance fortalde i nyaste Podium-episoda (etter ca. 23. minutt, journ. anm.) at dei allereie hadde sett den utviklinga skje. Han peika óg på at det går spesielt hardt utover tilgangen på kapital for mindre selskap som utviklar ny teknologi for bransjen.

Publisert: 21.05.2023 05:00

Sist oppdatert: 29.05.2023 10:09

Mer om