Fv Jan Rune Hurlen Per Helge Devold Kjølmoen Rogeg Hofseth Lene Trude Solheim Cflow sjefen foto Ogne Øyehaug
ÅLESUND: I fjor haust blei stortingspolitikar Per Vidar Kjølmoen (Ap) åtvara mot konsekvensane av lakseskatten under eit møte med leverandørbedrifter og næringslivsorganisasjonar i Ålesund. I dag viser fasiten at ordreinngangen i praksis har vore null sidan. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Valet mellom to onder for oppdrettsbransjen

Det er slett ikkje sikkert at den beste strategien for næringa, er å kjempe mot lakseskatten med nebb og klør.

Marius Rosbach
23.04.2023

ANALYSE:

Oppdrettsbransjen er i eit dilemma om korleis dei skal forhalde seg til den politiske behandlinga av grunnrenteskatten. Motstandarane av lakseskatten må velje mellom to onder, der det er risiko forbunde med begge.

Skatten er eit problem fordi den kostar bedriftene - men også usikkerheita i dagens situasjon er eit problem.

Det kjem tydeleg fram i NETT NO sin artikkel om ordreinngangen til leverandørbransjen laurdag. Bedriftene fortel at dei knapt har fått inn ordrar i den norske oppdrettsmarknaden sidan regjeringa la skatteforslaget på bordet i slutten av september 2022.

Sjølv om næringa ikkje ønsker seg ekstraskatten, er med andre ord dagens usikkerheit langt frå nokon drøymesituasjon.

Kontrasten til den optimistiske tonen som rådde då bransjen møttest til Gath-konferansen i Ålesund berre kort tid før laksskatten kom på bordet, er slåande. Næringa har gått frå å snakke om investeringar i nye lukka anlegg og utviding av serviceflåten av båtar - til å snakke om tapte børsverdiar og investeringar som er sette på vent.

Ein ting har iallfall finansminister Trygve Slagsvold Vedum hatt heilt rett i frå starten – lakseskatten kjem. Regjeringa har fleirtal bak seg i Stortinget, og skatten tok til å gjelde ved inngangen til 2023.

Uansett korleis Høgre og dei andre opposisjonspartia stiller seg i Stortinget, vil bransjen vere nøydd til å handtere skatten dei neste fire åra. Neste stortingsval er ikkje før hausten 2025, som betyr at ei eventuell ny Høgre-styrt regjering vil ha problem med å rekke og fjerne skatten til budsjettet i 2026.

Oppdrettsnæringa må med andre ord innstille seg på å leve med grunnrenteskatt ei tid framover. For bransjen og opposisjonspartia med Høgre i spissen, skapar det eit dilemma: Skal ein kjempe mot innføring av skatten i det heile – eller forsøke kome fram til eit kompromiss?

Sett at Høgre og dei andre partia på borgarleg side seier tvert nei - at dei ikkje vil ha skatten – og vil fjerne den ved første høve. Då vil usikkerheita uansett råde vidare i bransjen i fleire år framover.

Om Høgre derimot seier ja til å vere med på ein grunnrenteskatt i eit breiare forlik, vil den vere vanskeleg å bli kvitt. For bransjen kan det likevel vere ein fordel. Då vil usikkerheita forsvinne, og selskapa kan planlegge for framtida.

Problemet for bransjen er sjølvsagt at dei meiner prislappen er for høg. Etter at regjeringa først føreslo ein skattesats på 40 prosent, justerte dei ned forslaget til 35 prosent.

Næringa har anslått kostnadene til 11 milliardar årleg med forslaget som ligg på bordet frå regjeringa. Det er mykje pengar, og det seier seg sjølve at det betyr mindre att til å investere i ny teknologi og fornye arbeidsflåten - slik også regjeringa sin politikk har som mål.

Men det er ikkje sjølvsagt at prisen vil halde seg der.

For det første kan truleg rekninga bli mindre gjennom eit breiare forlik i Stortinget. At bransjen sjølv har sagt seg villige til å bidra med fleire skattekroner, gjer at alternativet med å jobbe for eit kompromiss, kan verke meir fornuftig enn motstandarane av skatten hadde sett føre seg.

For det andre kan ei komande Høgre-regjering ha albuerom til å sku ned prosentsatsen år for år, om dei kjem til makta. Det kan også vere snakk om store pengar for bedriftene. Om alt går som planlagt kjem finanskomiteen med si innstilling om grunnrenteskatten 16. mai. Det betyr at Stortinget kan stemme over saka i slutten av mai.

Det einaste som er sikkert, er at det blir ein vanskeleg balanse mellom prisen for dagens usikkerheit, mot ei framtidig skatterekning.

Publisert: 23.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 24.04.2023 23:13

Mer om