Johan Andreassen Atlantic Sapphire GATH 2022 foto Ogne 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
OPPDRAG TIL NORDVESTLANDET: Atlantic Sapphire-sjef Johan Andreassen har med seg eit følgje frå USA til GATH-konferansen i Ålesund, både frå eige selskap og frå selskapa som konstruerer og byggjer byggesteg to på Atlantic Sapphire sitt anlegg ved Miami. Målet er mellom anna å vise fram leverandørindustrien på Nordvestlandet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

- Silicon Valley for oppdrettsbransjen

Atlantic Sapphire kjøper utstyr og anlegg for 300-400 millionar kroner frå bedrifter på Nordvestlandet. Har planar om meir.

07.09.2022

- Silicon Valley for oppdrettsbransjen, sa Atlantic Sapphire-sjef og grunnleggar Johan Andreassen om utstyrsindustrien på Nordvestlandet i innlegget sitt på GATH-konferansen denne veka.

Atlantic Sapphire driv landbasert oppdrettsanlegg ved Miami i Florida og er i gang med byggesteg to, ei investering på omlag tre milliardar kroner.

300-400 millionar av den samla investeringa til byggesteg to går med til å kjøpe utstyr og anlegg frå produsentar på Nordvestlandet, ifølgje Andreassen. Ein del av oppdraga er allereie plassert, men det er framleis oppdrag å konkurrere om fortel han til NETT NO.

Ingeniørar frå USA
Andreassen har tatt med seg eit følgje på åtte frå USA til den tre GATH-konferansen i Ålesund denne veka. Det er folk både frå eige selskap, frå selskapet som konstruerer anlegget i byggjesteg to og selskapet som står for sjølve byggjinga.

Eitt av formåla med turen er nettopp å presentere dei for industrien som er her på Nordvestlandet, sa Andreassen i sitt innlegg.

Når byggesteg to ved Miami er i full drift har Atlantic Sapphire ein årleg produksjonskapasiet på 25 tusen tonn oppdrettslaks. Det langsiktige målet er eit anlegg som produserer 220 tusen tonn i året. I tillegg trur Andreassen at landbasert oppdrettsproduksjon vil bli etablert også andre stadar i verda, og meiner denne veksten ein gylden sjansen for norsk industri.

Utset tidsfrist
Atlantic Sapphire har all verksemda si ved Miami. Det formelle hovudkontoret ligg likevel i Vikebukt, og Andreassen sjølv har bakgrunn frå oppdrett på Nordvestlandet før etableringa av Atlantic Sapphire tok han til USA.

Opphavleg var målet at Miami-anlegget skulle vere fullt utbygd i 2031. Pandemi, krig, inflasjon og ein meir uviss leveringssitusjon gjer at Andreassen meiner den fristen ikkje lenger er realistisk.

Selskapet har også gått bort frå å sette ein dato for når byggesteg to skal verre ferdig, for å gjere det lettare å prioritere å halde kontroll på kostnadane.

Trøbbel
Atlantic Sapphire har hatt ei god dose med trøbbel det siste året, men brann som øydela selskapet sitt pilotanlegg i Danmark i september og innkøyringsvanskar i produksjonen i første byggesteg i Miami.

Selskapet blei notert på Oslo Børs i 2018. Då var kursen 47 kroner aksjen. Toppen, 148 kroner aksjen, blei nådd tidleg i februar 2021. I dag, onsdag 7. september klokk 13:45 er kursen 17,08 kroner. Den kursen verdset selskapet til 2,6 milliardar kroner.

Publisert: 07.09.2022 14:05

Sist oppdatert: 07.09.2022 14:29

Mer om