Analyser
Vellukka dugnad
Får Geir Egil Roksvåg selje meir kjøt, Kjersti Kleven bygge fleire skip og Inge Melkevoll seld meir flaskevatn om det blir gondolbane i nabolaget?
04.10.2015
I starten av september i år vona gondolbaneentusiast og hotelldirektør Richard Grov på at Innovasjon Noreg ville bla opp 20 millionar i tilskot til Grov sin hittil villaste idé; gondolbane til fjells og restaurant på stupkanten, 1000 meter over Hotel Alexandra nede ved fjorden. Opning er planlagt våren 2017.
Temmeleg snart var det klart at tilskotet frå Innovasjon Noreg ikkje ville kome. Utan det tilskotet mangla det 32 millionar kroner, ein tredjepart av aksjekapitalen Grov måtte ha på plass for at styret i utbyggingselskapet skulle gi klarsignal til vidare bygging.
Grov har lenge snakka om avklaring på finansieringa - men tida har gått. Då NETT NO skreiv om prosjektet tidleg på vinteren 2014, vona Grov at finansieringa skulle vere klar sommaren 2014 og anlegget opne i 2016.
Men ting tok tid, også planlegging og reguleringsarbeid. I mellomtida har oljeprisen stupt. Stemninga er heller ikkje lenger like høg i alle deler av næringslivet som den var i 2014. I tillegg er prosjektet blitt dyrare, mellom anna fordi ei svakare norsk krone har gjort det dyrare å importere gondolbanen frå sveitsiske Doppelmayr/Garaventa. Prislappen for heile prosjektet er no 207,5 millionar kroner, mot 150 millionar i starten.
Utan tilskotet frå Innovasjon Noreg kunne prosjektet fått ei ny utsetjing. Men slik gjekk det ikkje.
Tysdag i denne veka var det i staden teikningsmøte, ekstraordinær generalforsamling, kontraktsskriving med Doppelmayr/Garaventa og festmiddag på Hotel Alexandra. Med 93 millionar på plass var målet om minst 100 millionar i eigenkapital nesten nådd, og framdrifta er sikra.
Det er berre å gratulere.
Over 40 større og mindre eigarar er no med på prosjektet, dei fleste frå regionen.
På den nye aksjonærlista står mellom andre selskapet John Kleven as (inn med ein million kroner), der Kjersti Kleven er medeigar. Der står også Inge Melkevoll (inn med 50.000 kroner). Melkevoll driv gard, campingplass og eig kjelda i Oldedalen flaskevatnet Olden blir tappa frå.
På lista står og Nordfjord Kjøtt i Loen der Geir Egil Roksvåg er sjef. Roksvåg har vore ein avgjerande støttespelar for sambygdingen Grov, som 50 prosent eigar fram til kapitalutvidinga kom på plass. Alt i alt har Nordfjord Kjøtt gått inn med 13,6 millionar kroner i prosjektet og er framleis ein av storaksjonærane.
Storparten av kapitalen på 93 millionar blir innbetalt no, resten kjem når ein del av aksjonærane, mellom dei ein skipseigande langrennsentusiast frå ytre søre Sunnmøre, får alle formalitetar å plass.
Det breie eigarskapet sikrar eit lokalt eigarskap i dobbel forstand. Eigarane skyt inn pengar, men framfor alt viser dei at dei vil stille opp for prosjektet. Den velviljen kan etterkvart vise seg å vere like mykje verdt som pengane.
Von om ei snarleg og stor direkte avkastning på investeringa er neppe hovuddrivkrafta for dei som går inn, og neppe realistisk heller. Heller ikkje er drivkrafta von om ein reklameeffekt for eiga bedrift.
At Grov lukkast i å få pengane på plass vise ei dugnadsånd, der mange går saman om eit prosjekt dei meiner vil tene lokalsamfunnet og regionen. At pengar også frå Sunnmøre blir skote inn i prosjektet viser at Nordfjord og Sunnmøre er - og blir sett på - som ein samla næringslivsregion på tvers av fylkesgrensa.
Grov reknar med at anlegget må ha 40.000 besøkande tur-retur til toppen årleg for å gå i balanse, og ventar å nå det allereie første driftsår. Med anlegget på plass trur han hotellet vil auke belegget med fem prosent på årsbasis.
Den viktigaste faktoren for å lukkast økonomisk er sannsynlegvis cruise-turistane sin vilje til å dra til topps, deretter i kor stor grad anlegget lukkast i å skape aktivitet som trekkjer andre folk til topps året rundt.
At det blir eit trekkplaster for heile regionen er det neppe tvil om. Om prosjektet lukkast økonomisk får vi sannsynlegvis ein god peikepinn på alt før det opnar, for marknadsføringa mot cruisemarknaden er truleg godt i gang.

Publisert: 04.10.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59