Verftsomstillinga er ikkje over
TØFT OGSÅ I ÅR: Hard konkurranse og pressa marginar gjer at 2017-resultata for verftsbransjen neppe blir så bra. Slik blir det i år og, trur bransjeaktør. Vard, som mellom anna eig Vard Brattvaag, (biletet) har alt lagt fram minusresultat for 2017.
Analyser

Verftsomstillinga er ikkje over

Minus, minus og minus. Verftsindustrien er ikkje ute av offshorenedturen.

04.03.2018
ANALYSEÅ få innpass i nye marknadar er ikkje det same som å gjennomføre ei vellukka omstilling. Før verfta greier å byggje nye typar skip med overskot, er dei ikkje i mål.Denne veka kom både Vard og Havyard-resultata for 2017. Begge gjekk i minus. Dessutan kom meldinga om at Kleven ligg eit halvt år på etterskot med leveringa av det første av dei nye hurtigruteskipa. Det er klare indikasjonar på at heller ikkje 2017 blei året dei store verftsgrupperingane kom på rett kjøl. Meldinga frå Kleven indikerer at det blir minus der også - det kostar å levere for seint. Av dei større er det då Ulstein Verft igjen. Der var store delar av arbeidsstokken permittert i 2017, først seint på hausten kom dei siste fast tilsette tilbake på jobb. I 2016 betra 13 av 19 verft i NETT NO si oversikt lønsemda, samanlikna med 2015. Men samla sett gjekk verfta med underskot, mellom anna på grunn av Kleven-underskotet på nesten 300 millionar kroner. I 2016 var også Ulstein Verft på minussida. Minus hadde også Vard, om enn så vidt. Verftet i Havyard-konsernet, Havyard Ship Technology, gjekk i pluss. Hos bransje- og salsorganisasjonen Norske Skipsverft ventar dagleg leiar Asle Strønen at også 2017 er eit år der resultata til verfta er prega av tøff konkurranse og pressa marginar. Slik blir det truleg i 2018 også.Mange verft - ikkje berre dei største - er prega av svake resultat dei siste åra. Det reduserer sjansen til å få nye oppdrag, fordi verfta ikkje har den eigenkapitalen som skal til, fryktar Strønen.Det kan føre til at den norske verftsnæringa ser annleis ut om tre til fem år, etter Strønen si vurdering. Då snakkar han om færre og kanskje større aktørar enn i dag.I 2011 og 2012 hadde skipsverfta i den maritime klynga på Nordvestlandet i gjennomsnitt ein resultatmargin på over 10 prosent. Resultatmarginen viser resultat før skatt i prosent av driftsinntektene. I 2011 og 2012 var verfta til og med meir lønsame enn offshorereiarlaga. Det var heilt uvanleg, historisk har resultatmarginen lagt på to-tre prosent.No er dei flotte resultata i 2011 og 2012 for lengst historie. Berre tre av 19 verft i NETT NO si oversikt hadde ein resultatmargin på over 10 prosent i 2016; Oma Baatbyggeri i Sunnhordland, Aas Mek. Verksted i Vestnes og Vaagland Båtbyggeri i Halsa.Det som historisk var unormalt burde vore normalen, gitt den store risikoen som verfta tek på seg når dei inngår kontrakter. Det er nok å minne om at det ligg fleire skip hos norske verft der kundane har trekt seg frå handelen.Risikofordelinga mellom dei ulike aktørane i den maritime bransjen er ikkje slik den burde vere, sa Havyard-sjef Geir Johan Bakke i eit intervju med NETT NO i fjor haust. - Heile den maritime bransjen bør erkjenne kor viktige verfta er for aktiviteten og den maritime klynga, sa Bakke. Svake verft er eit trugsmål mot heile den maritime klynga på Nordvestlandet, meiner han.Men ting er ikkje alltid slik dei burde vere.

Publisert: 04.03.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59