Jan Christian Vestre Ulstein Ap møte foto Ogne
GODT MOTTATT: Næringsminister Jan Christian Vestre på medlemsarrangement i Ulstein Ap i fjor. Så langt er han stort sett godt mottatt. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Vestre vil skru opp tempoet

Næringsministeren gler seg til å fortelle korleis staten skal gripe enda sterkare inn for næringslivet. No kan han rekne med meir motstand.

24.04.2022

ANALYSE

Statsråd Jan Christian Vestre framstår som Ap/Sp-regjeringa sin mest energiske statsråd og den siste pressemeldinga frå Næringsdepartementet svekkjer ikkje det inntrykket. No skal han skru opp tempoet.

Den er ein kombinasjon av ei skryteliste av det som er gjort, og ei liste med løfte om kva som skal kome.

På skrytelista står nye milliardar til det departementet kallar grøne investeringar, starten på ein ambisiøs reform, auka satsing på norsk eksport og starten på ei forenkling av kontakten mellom verkemiddelapparatet og næringslivet.

Les heile pressemeldinga her

Det mest interessante er kva som skal kome.

- Det neste halvåret gler eg meg veldig til å lansere nye prosjekt som vi har jobba med sidan regjeringsskiftet, seier Vestre i meldinga.

I samband med eksportsatsinga har Vestre tidlegare sagt at det skal satsast på havvind- og maritim bransje - og at det snarleg ville bli avklart kva andre bransjar det skal satsast på.

Det er i tillegg batteriproduksjon, produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen, CO2-handtering, grøn skipsfart, treforedling og prosessindustri, ifølgje pressemeldinga.

Dessutan skal Noreg utvikle verdas mest berekraftige mineralnæring som vil utvinne mineral, metall og sjeldne jordartar "som er avgjørende for verdens elektrifisering og det grønne skiftet", heiter det vidare.

Dette er energikrevande bransjar. Det ser rett og slett ut som Vestre vil bygge landet etter oppskrifta frå mellom- og etterkrigstida.

Den gangen blei det både inntekter og arbeidsplassar, og håpet er sjølvsagt at det same skal skje denne gangen.

Men ei utfordring som ikkje var der då Vestre tok over som næringsminister etter Iselin Nybø (V) i fjor haust, er krigen i Ukraina og konsekvensen av den. Krigen står det ingenting om i pressemeldinga.

Merksemda om klimapolitikk har falle etter det russiske angrepet, samstundes som mellom anna energiprisane har skote i veret.

Fordelen som billeg norsk kraft er har blitt mindre, og det er uvisse om og eventuelt når den kjem tilbake.

Korleis dette vil påverke Vestre sine ambisjonar gjenstår å sjå, men det er spørsmål han truleg snart må finne svar på.

Men endringane kan og gi ei viss drahjelp for Vestre, fordi Europa no er på jakt etter løysingar som kan frigjere Europa frå å vere avhengig av russisk energi. Fornybar kraftproduksjon på eige territorium er bra, men batteridrivne bilar og båtar i seg sjølv gjer ikkje Europa mindre avhengig av Russland, dersom krafta som ladar batteria framleis er produsert av russisk gass.

Vestre er blitt relativt godt mottatt, både av næringslivet og av den politiske opposisjonen, med lokaliseringsstrid i samband med eksportsatsinga som eit mindre unntak.

Det er ikkje sikkert det går like lett framover, fordi Vestre no utfordrar tradisjonelle ideologiske skiljeliner, der Høgre og Ap har grunnleggande ulike syn på kort sterkt staten skal gripe inn i næringslivet, og kvar og korleis det skal investerast.

Vestre varslar meir.

– Desse seks månadane er berre starten på ein meir aktiv næringspolitikk, der vi spelar på lag med bedriftene og partane i arbeidslivet for å skape fleire jobbar, styrke investeringane på fastlandet, auke eksporten og kutte klimagassutslipp med 55 prosent innan 2030, seier han i pressemeldinga.

Ei ny eigarskapsmelding skal fortelje korleis regjeringa skal styrke statleg eigarskap og "øke forventningene innenfor klima og natur, arbeidstaker- og menneskerettigheter og moderasjon i lederlønninger", heiter det.

Regjeringa vil også legge fram det Vestre kallar "Norgesmodellen", som skal "sikre nasjonale seriøsitetsbestemmelser og krav om fagarbeidere, lærlinger og skikkelige arbeidsvilkår."

Offentlege innkjøp er på 600 milliardar kroner i året og dei som vil ha tak i desse pengane skal få tøffare krav til "miljøvennlige og innovative løsninger".

- No er den einsidige næringsnøytraliteten død, sa han til NETT NO i desember i fjor, på eitt av sine besøk på Nordvestlandet.

"Aktiv næringspolitikk har vi holdt på med i mange år. Økt statlig eierskap er ikke det samme som en aktiv næringspolitikk.", svarte stortingsrepresentant Helge Orten (H) i eit innlegg like etter.

Når Vestre og regjeringa sine planar no blir meir detaljerte og konkrete blir det også lettare for opposisjonen å angripe han.

Ein første peikepinn om korleis politikken vil slå ut for næringslivet på Nordvestlandet kjem kanskje allereie mandag, når Vestre skal besøk Optimar, Vard og Spilka Industrier, i tillegg til GCE Blue Maritime Cluster, Digicat og Framtidslaben på NMK i Ålesund. På NMK skal han også møte fleire eksportbedrifter.

Publisert: 24.04.2022 05:00

Sist oppdatert: 04.05.2022 11:34