Jan Christian Vestre Marti Ulstein Foto Ogne11
100 BEDRIFTER: Næringsminister Jan Christian Vestre (t.v) skal møte 100 bedrifter før jul. Mandag var det Møre og Romsdal som fekk besøk, med Ulstein Group og konsernsjef Cathrine Marti (t.h.) som siste post på programmet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Aktiv næringspolitikk skal hjelpe skipsbyggarane

- No er den einsidige næringsnøytraliteten død, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

02.12.2021

Vestre varsla næringsnøytralitetens død på eit Arbeidarpartimøte i Ulsteinvik mandag kveld. Da hadde han brukt dagen til å besøke bedrifter frå Kristiansund i nord til Ulstein Group i sør.

Han lova ein ny giv i næringspolitikken, med merkbare resultat raskt.

- Næringslivet i Noreg skal merke forskjell innan kort tid, sa Vestre frå talarstolen.

Næringsnøytralitet betyr at politikken ikkje gjer forskjell på bransjar og bedrifter, mellom anna når det gjeld støtte og tilrettelegging.

Sikre skipsbygginga
Den aktive næringspolitikken omfattar også skipsbyggingsverksemda i Ulstein kommune.

- Vi må no sørge for å føre ein aktiv næringspolitikk som sørgar for at at denne industrien blir oppretthalden, og ikkje berre blir oppretthalden, men også styrka, sa Vestre.

Vestre meiner og det er rom i gjeldande handelsavtalar til å sikre at til dømes skip som blir bestilt av staten hamnar hos norske verft i større grad enn det som var gjort under Solberg-regjeringa.

- Vi skal bruke regelverket maksimalt for å få verdiskaping til Noreg, sa næringsministeren.

Styrt satsing
I tillegg til dei generelle rammevilkåra for alle vil Vestre ha ei styrt satsing der Noreg har fortrinn og listar opp til dømes; grøn skipsfart, batteriproduksjon, flytande havvind, hydrogen, CO2-fangst og - lagring.

Om staten må gå inn som eigar for å få den utviklinga som Vestre og regjeringa vil så gjerne vurdere det, dersom det viser seg å vere det beste verkemiddelet.

- Vi har ingen ideologiske skylappar, sa Vestre på møtet.

Positive tilbakemeldingar
Bodskapen Vestre kom med på Arbeiderparti-møtet i Ulsteinvik hadde han også framført deler av på alle møter med næringslivet tidlegare på dagen.

- Det eg har høyrt frå eit samla næringsliv er ønsket om ein meir aktiv næringspolitikk, seier Vestre til NETT NO.

Besøket i Møre og Romsdal er ein del av Vestre sin landsomfattande turne for å besøke 100 bedrifter før jul.

Jan Christian Vestre Ulstein Ap møte foto Ogne
- Vi må no sørge for å føre ein aktiv næringspolitikk som sørgar for at at denne industrien blir opprettholdt, og ikkje berre blir opprettholdt, men også styrka, sa næringsminister Jan Christian Vestre om skipsbyggingsindustrien på Arbeidarpartimøte i Ulsteinvik.
Det eg har høyrt frå eit samla næringsliv er ønsket om ein meir aktiv næringspolitikk
Næringsminister Jan Christian Vestre

Bekymra minister
Trass låg og fallande arbeidsløyse er Vestre usikker på i kor stor grad det først og fremst skuldast ein mellombels rekyl etter at folk har spart pengar og aktivitet er sett på vent under den verdsomspennadne koronaepidemien.

Han er også uro over det han vurderer å vere ei grunnleggande negativ utviklinga i norsk økonomi; fallande produktivitet, auke i andelen av folk i arbeidsdyktig alder som står utanfor arbeidslivet, tapte marknadsandelar i eksportmarknaden, svak økonomisk vekst og stagnert investeringsnivå i fastlandsindustrien.

Med same andel yrkesaktive i høve til mengda folk i arbeidsdyktig alder i dag som i 2008 vil 150.000 fleire personar vore i arbeid eller under utdanning i dag, ifølgje Vestre.

Blomstre i industrien
Med ny regjering ved makta lovar Vestre endringar.

- Det skal blomstre i norsk industri over heile landet, sa Vestre på Arbeidarpartimøtet.

Investeringane på fastlandet skal opp og eksporten skal auke med minst 50 prosent innan 2030.

Eksportmålet skal nåast mellom anna ved betre stimuleringsordningar for auke eksporten, og ei styrking av eksportarbeidet skal vere i gang før jul.

På lista over før-jul-tiltak som blir sett i gang står og ein gjennomgang av verkemiddelapparatet der bedriften til slutt skal ha eit tilbod der dei berre treng ei dør inn til det samla verkemiddelapparatet.

Det same gjeld staten si rolle som eigar, for å få i gang og drive fram industrisatsingar. Det omfattar mellom anna å vurdere eigarskap for å medverke til å bygge opp ei verdikjede for produksjon, bruk og distribusjon av hydrogen som energiberar.

Det fjerde punktet på Vestre si tiltak som regjeringa skal kome med er å få i gang ei brei satsing på ny industriutvikling.

- Viss vi sit musestille, som den førre regjeringa gjorde, så risikerer vi at industrien vår flaggar ut. Det skal ikkje skje på mi vakt, sa Vestre på møtet.

Podium

E13/S2 Hvordan vil ny regjering påvirke næringslivet i regionen?

Publisert: 02.12.2021 05:55

Sist oppdatert: 03.12.2021 01:06

Mer om