Næringsministerens mageplask i Ålesundet
– No må vi flytte reell makt og mynde ut av Oslo. Då får vi også fart på eksporten, skriv Alfred Bjørlo (V).
"Hele Norge eksporterer" er namnet på den nye eksportsatsinga til regjeringa.
Det er vanskeleg å vere ueinig i at heile Norge bør eksportere, men det er også vanskeleg ikkje å få ei kjensle av at dette like godt kunne ha vore tittelen på eit litt smalt TV3-program. Og akkurat som med fleire TV-program i våre dagar, er det lite kreativitet og nytenking å spore i næringsministerens eksportplanar.
Næringsministeren har levert mange fine talar og intervju, men svært lite politikk så langt. Og diverre ser hans første prosjekt meir ut som eit litt svakare plagiat av idear og konsept frå førre regjering, enn noko den ny regjeringa har klekka ut sjølv.
For høyr berre: Nasjonalt eksportråd skal opprettast, og
Eksportstrategirådet som Venstres tidlegare næringsminister Iselin Nybø
oppretta i fjor, skal avviklast. Så langt berre ei namneendring.
Nasjonalt eksportråd skal leiast av Arvid Moss. Han leia også
Eksportstrategirådet. Nasjonalt eksportråd får ingen tilsette, men eit
styre som tilfeldigvis består av dei same personane som sat i styret til
Eksportstrategirådet. Høyrest det likt ut? Ja, det er nesten identisk.
Men berre nesten.
Det er éin stor forskjell: Vestre tar det same styret, gir det dei jobbar under nytt namn, men fjernar samtidig dei 10–15 tilsette som skulle jobbe i Eksportstrategirådet i Ålesund. Arbeidarpartiets strategi er altså å fjerne eit sterkt nytt fagmiljø frå Vestlandet, skifte namnelapp og kalle det sitt eige. Det er ei merkeleg satsing.
Vi har ein energisk næringsminister, som er flink med engasjement,
hurrarop og store ord. Det er vel og bra. Men dersom det ikkje kjem meir
substans ut av dei store orda enn dette, er det grunn til uro for det
næringslivs- og eksportavhengige Vestlandet. Nordvestlandet og Ålesund
kan ikkje vidareutvikle seg som eksport-region berre med heiarop.
Ålesund må få bruke det byen kan og få faktiske satsingar og ansvar
plassert hos seg for å kunne spele på alle fortrinna Ålesund og
Nordvestlandet har når det kjem til eksport.
Næringsministeren forsøker å avfeie kritikken frå Venstre med å påstå at Eksportstrategirådet berre var byråkratisk tull, og å seie at vi er meir opptatt av statleg byråkrati enn av god pengebruk. Vel, eg er meir opptatt av å flytte arbeidsplassar og makt ut av Oslo og til område der eksport og verdiskaping faktisk skjer, heller enn å bytte namnelappar på den førre regjeringa sine prosjekt. Det kan vi ikkje sløse vekk månader og år på, no må vi flytte reell makt og mynde ut av Oslo. Då får vi også fart på eksporten.
Publisert: 28.03.2022 12:23
Sist oppdatert: 28.03.2022 12:34