Trond Hakon Schaug Pettersen CEO Salmon Evolution 1
VINDEN HAR SNUDD: Etter prisfall i første halvår har utviklinga i lakseprisen snudd rette vegen for Salmon Evolutions-sjef Trond Håkon Schaug-Pettersen og resten av oppdrettsbransjen. Dei to neste åra blir det enda betre, spår analytikar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Prishopp på laks neste år sikrar full utbygging

Slår prognosane til har Salmon Evolution ingen problem med å finansiere tredje og største byggesteg med eigne inntekter, meiner Nordea-analytikar.

11.12.2025

Då oppdrettsnæringa møttes til den internasjonale bransjemessa Aqua Nor i Trondheim i august hadde lakseprisen i spotmarknaden falle til under 60 kroner kiloen. Det er lågare enn kva det kosta å drette opp fisken. 

Etterpå har det gått oppover med prisane - og for neste år ventar Nordea Markets ein gjennomsnittspris på 86 kroner kiloen til oppdrettar for sløyd og hovudkappa laks, seier aksjeanalytikar Herman Aleksander Dahl til Nett No.

For 2027 er prognosen 90 kroner kiloen.

Ligg an til god lønsemd i år - og neste år
Prisfallet i første halvår i år, blei avløyst av ein opptur frå og med ettersommaren. 

Snittprisen for 2025 ligg an til å bli rundt 77-78 kroner kiloen, ifølgje Dahl. Til samanlikning vil kostnaden per kilo vere i overkant av 60 kroner i år, og falle litt under 60 kroner neste år, anslår Nordea Markets.

Dette betyr god lønsemd for oppdrettane i år - og enda betre neste år. 

Ventar å tene nok til tredje byggesteg
Salmon Evolution-sjef Trond Håkon Schaug-Pettersen seier til Nett No at Salmon Evolution frå 2027 vil vere i full produksjon i byggesteg to for det landbaserte oppdrettsanlegget på Romsdalskysten.

Han ventar óg at selskapet vil nå målet om å reduserer kostnadane til 60 kroner kiloen og seier dei då vil vere i stand til å finansiere tredje byggesteg med eiga inntening. Tredje byggesteg vil doble produksjonskapasiteten - til 36.000 tonn i året - samanlikne med kva som kan produserast i første og andre byggesteg til saman.

Med Nordea Markets si pris- og kostnadsprognosar er det ei vurdering som Dahl er samd i. Om Salmon Evolution likevel skulle velje å hente pengar frå investorar, vil det vere for å framskunde bygginga av tredje byggesteg, meiner han.

Produksjonsvekst i år - svakare neste år
Prisfallet i første halvår fall saman med ein vekst i den norske oppdrettsproduksjonen på rundt 10 prosent i år. 

Fleire faktorar slo positivt ut for oppdrettsproduksjonen, etter fleire år med små endringar i produksjonsvolumet. 

Neste år ligg det an til svak vekst, og kanskje til og med litt nedgang i den norske produksjonen, og det løftar prisforventingane for dei neste åra.

Publisert: 11.12.2025 05:00

Sist oppdatert: 11.12.2025 08:03

Mer om