Kort fortalt

Ålesund tek i bruk Helseplattformen

Meiner omstridd system er klart til bruk.

28.04.2023

NPK-NTB: Ålesund kommune tek fredag i bruk Helseplattformen. Journalsystemet har tidlegare vorte teken i bruk på St. Olavs hospital, noko som førte til store problem.

– Vi vurderer løysinga som forsvarleg og er klare til å ta ho i bruk, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Ålesund kommune , Synnøve Vasstrand Synnes.

Ålesund er første kommune i Møre og Romsdal som tek i bruk Helseplattformen og blir den tiande kommunen i landet.

Helseplattforma er ei felles digital plattform for heile helsetenesta i Midt-Noreg.

Den vart innført i november 2022 ved St. Olavs hospital i Trondheim. Målet då var betre informasjonsflyt og auka pasienttryggleik.

Ført til auka risiko for svikt

Likevel har journalsystemet ført til auka risiko for svikt i pasientbehandlinga ved St. Olavs hospital, slår Helsetilsynet og Statsforvaltaren i Trøndelag fast i ein rapport som kom førre veke.

I rapporten blir det beskrive feil og utfordringar som kan medføre særleg høg risiko, mellom anna manglande kontroll på ventelister, tilvisingar og meldingar til eksterne.

Det har mellom anna komme fram at over 16.000 e-postar ikkje hadde komme fram som dei skulle, på grunn av ein feil i systemet. Det er også rapportert at informasjon forsvinn, blant dei tilvisingar og informasjon om ferdig vurderte pasientar, og at pasientar har fått feil medisin.

Riksrevisjonen skal granske journalsystemet.

Foreslått utsetjing

Selskapet sjølv, Helseplattformen AS, har sjølv vurdert det som mest realistisk å utsetje innføringa i Helse Møre og Romsdal til 27. april 2024, skriv avisa Innherred. Dei viser til ein statusrapport frå selskapet.

Det blir samtidig foreslått at innføringa ved Helse Nord-Trøndelag blir utsett med tolv månader, til november 2024.

Synnes reknar med at det kjem til å bli nokre innkøyringsproblem når over 3.000 tilsette i Ålesund kommune skal ta i bruk systemet. Det kan bli lengre svartid på telefon, lengre saksbehandlingstid, mindre tid til pasientar og pårørande, og forseinka besøk.

– Vi skal halde oppe eit forsvarleg tenestetilbod, men ber om forståing og tolmod dersom tilbodet ikkje heilt lever opp til vanleg standard, seier ho.

Publisert: 28.04.2023 14:46

Sist oppdatert: 28.04.2023 14:46