Kort fortalt

10.000 fleire utan arbeid

SSB: Arbeidsløysa opp til 4,6 prosent

21.06.2017
NPK-NTB: Det var 126.000 arbeidsledige i april, noko som utgjer 4,6 prosent av arbeidsstyrken. Samtidig fell sysselsettingsdelen, viser tal frå SSB.
Auken på 0,3 prosentpoeng, eller 10.000 personar, er innanfor feilmarginen i arbeidskraftundersøkinga (AKU) frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Ifølgje AKU gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette opp med 13.000 personar frå januar til april, ein auke som også er innanfor feilmarginen i AKU.
Samtidig aukar befolkninga i aldersgruppa 15 til 74 år, og dermed har sysselsettingsprosenten gått ned frå 68,5 prosent i januar 2015 til 67 prosent i april 1017.
AKU-arbeidsløysa er ein av to mykje brukte statistikkar for måling av utviklinga i og nivået på arbeidsløysa i Noreg. Den viser ei høgare arbeidsløyse enn Nav-statistikken, som fortel kor mange som har registrert seg som arbeidsledige hos Nav.

Publisert: 21.06.2017 10:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41