I førre veke fekk bustyrar Jørund Knardal eitt bod på 20 og eitt bod på 21 millionar kroner for hyttene og det tidlegare leirskulebygget som husa Christineborg Gjestehus på Runde. I dag kom nok ein bodgivar på banen, med eit bod på 21,5 millionar kroner.
Kven som får tilslaget kan snart vere avklart, for Kandal seier fristen for å kome med bod er sett til klokka 16:00 torsdag 5. februar.
45 millionar investert
Bygningsmasssen i Runde Panorama omfattar ni hytter med havutsikt og bygget som husa Christineborg Gjestehus like ved hyttene. Selskapet melde oppbod i starten av januar, med 33,5 millionar kroner i gjeld.
45 millionar har Arnulf Goksøyr og partnarane satsa på luksushytter på Runde. No manglar kun gjestane, skreiv Nett No i slutten av 2022.
9,6 millionar i minus
Til saman hadde selskapet 0,9 millionar kroner i driftsinntekt og minus 9,6 millionar i resultat før skatt i åra 2023 og 2024.
Sparebanken Møre er hovudkreditor og har i praksis pant i det som er av verdi, ifølgje Knardal.
Publisert: 03.02.2026 15:00
Sist oppdatert: 03.02.2026 15:03






