Kort fortalt

100.000 fiskarar døyr årleg

Det viser global rapport.

03.11.2022

Over 100.000 personar døyr kvart år i fiskerirelaterte ulykker på global basis, ifølgje ein rapport, som påpeikar at mange av ulykkene kan unngåast.

Rapporten er laget den nyzealandske organisasjonen Fish Safety Foundation (FSF).

Dei understrekar at det er store fiskeindustriar rundt om i verda som ikkje er inkludert i rapporten på grunn av mangel på tal. Fiskeribedrifter enkelte stader i verda lèt ofte vere å rapportere dødsfall. Dermed er anslaget om 100.000 dødsfall årleg eit stort underestimat, ifølgje rapporten.

Eit av landa som peikar seg ut, er Myanmar, der fiskarane arbeider under dårlege forhold. Fiskarane døyr ofte av sjukdommar og mangel på vatn.

Mange stader i verda har fiske vorte endå meir risikofylt fordi fiskarane må segle endå lenger til havs fordi farvatna nær land er utsette for overfiske. I tillegg er det mange fiskeartar som flyttar seg på grunn av klimaendringar, ifølgje rapporten.

Publisert: 03.11.2022 14:01

Sist oppdatert: 03.11.2022 14:01