Kort fortalt

122.000 ledige

SSB: Arbeidsløysa fall til 4,4 prosent i desember

22.02.2017
NPK-NTB: I desember var det 122.000 arbeidsledige i Noreg, viser sesongjusterte tal frå SSB. Det utgjorde 4,4 prosent av arbeidsstyrken, eitt fall på 0,4 prosentpoeng.
Dei sesongjusterte frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at arbeidsstyrken, det vil seie summen av sysselsette og arbeidslause, gjekk ned med 34.000 frå september til desember 2016.
Det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk ned med 22.000, og arbeidsløysa ned med 12.000.
Ifølgje Arbeidskraftundersøkinga (AKU) auka befolkninga i alderen 15–74 år i denne perioden, dermed fall sysselsettingsprosenten med 0,7 prosentpoeng, til 66,8 prosent i desember.
SSBs tal er baserte på AKU og speglar kor mange som reknar seg som arbeidsledige. Tala frå Arbeids- og velferdsetaten er talet på registrerte arbeidsledige hos dei.
Vanlegvis vil AKU-arbeidsløysa vere større enn Nav-arbeidsløysa fordi mange som er reelt arbeidsledige, ikkje registrerer seg hos Nav. Dette gjeld særleg personar som er nye på arbeidsmarknaden og som ikkje har rett til arbeidsløysetrygd.

Publisert: 22.02.2017 10:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42