Kort fortalt

2000 Statoil-tilsette må flytte

Samlar seg i Stavanger.

11.05.2017
NPK: To tusen tilsette i Statoil må flytte tettare saman for at selskapet skal spare hundre millionar årleg.
Statoil skal samle dei tilsette på Forus i Stavanger i to bygg og på eit langt mindre areal enn i dag,
– Leigeavtalane for kontorbygga i Vassbotnen og Vestre Svanholmen går ut 2018 og leigekontraktane vil ikkje bli fornya. Det blir betydeleg flytting av folk, seier pressetalsmann Erik Haaland i Statoil til Stavanger Aftenblad.
I dag er dei Statoil-tilsette på Forus fordelt i fire bygningskompleks. I mars i år avgjorde Statoil at dei skrinlegg planane om å byggje nytt hovudkontor og signalbygg på Forus. I staden tek dei motsett grep og flyttar tettare saman.

Publisert: 11.05.2017 15:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42