Kort fortalt

23 nye smitta i Ålesund

– Stort utbrot av Delta-varianten

Marius Rosbach
29.07.2021

Ålesund kommune fekk i løpet av onsdagen kom det til saman 23 positive prøvar for koronasmitte.

I ei pressemelding torsdag konkluderer kommunen at dei no handterer eit stort smitteutbrot av Delta-varianten. 229 personar er no i karantene og 60 personar i isolasjon i kommunen.

15 av dei positive prøvene siste døgnet blei meldt inn onsdag kveld, og dei fleste har relasjon til pågåande utbrot og var i karantene.

– Det er i hovudsak kjente smittevegar. Smitten har spredd seg i gruppa unge vaksne som har blitt smitta i samband med reiseaktivitet og sosiale lag, uttalar smittevernlege Maiken Talsæte i meldinga.

  • To smittetilfelle har samanheng med utbrot i Ørsta/Volda.
  • To smittetilfelle tilhøyrar den russiske trålaren. Dei er i karantene og vert overført til isolasjon.
  • Eit smittetilfelle har så langt ukjend smitteveg.

Publisert: 29.07.2021 12:04

Sist oppdatert: 29.07.2021 12:07

Mer om
Annonsørinnhold