NPK-NTB: Nortura har 3.500 tonn lammekjøtt på lager, og det går mot ny overproduksjon. No skal Norgesgruppen hjelpe til ved å selje 1.000 tonn meir enn planlagt.
Ved månadsskiftet låg nesten 3.500 tonn sau og lam på reguleringslager, og ein ny prognose frå Nortura viser at det ligg an til ein overproduksjon på opptil 1.200 tonn i år, skriv .
Etter ein lang periode med underproduksjon, snudde det hausten 2015, fortel konsernsjef Arne Kristian Kolberg i Nortura.
– Gjennom haustsesongen 2016 hopa det seg opp endå meir. Vi klarte ikkje å selje unna i takt med produksjonsauken. Ved inngangen av 2017 nærma det seg ein alvorleg situasjon. For å unngå ei skikkeleg utfordring for den norske småfebonden så må vi ta eit skikkeleg krafttak, seier Kolberg.
Det krafttaket skal Norgesgruppen bidra til, ved å prøve å selje 10–15 prosent meir lam enn planlagt gjennom kjedene Meny, Kiwi, Joker og Spar.
– No har vi fått med alle kjedene våre på å køyre eit ekstra trykk på lammeprodukt ut 2017, utover det vi allereie har avtalt med Nortura. Målet er å selje 1.000 tonn meir enn det vi allereie har avtalt. Det er ein auke på mellom 10 til 15 prosent, seier konsernsjef i Norgesgruppen Runar Hollevik. Han lovar at handslaget til Nortura ikkje skal gå på kostnad av avtalane med andre leverandørar.
(©NPK)

Publisert: 15.03.2017 09:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42