Kort fortalt

37 millionar i utbytte

Tafjord-konsernet betra resultatet i 2016.

01.04.2017
Tafjord-konsernet fekk eit resultat før skatt på 272 millionar kroner i 2016. I 2015 var resultatet før skatt 72 millionar kroner. Resultatbetringa skuldast mellom anna ein eingangsgevinst på 49 millionar kroner etter samanslåinga av nettselskapet med Tussa sitt nettselskap, til Mørenett.
Driftsinntektene auka frå 1,1 til 1,4 milliardar kroner og Tafjord foreslår å auke utbyttet frå 29 millionar kroner etter 2015 til 37 millionar kroner etter 2016.

Publisert: 01.04.2017 21:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42