Kort fortalt

4,8 prisvekst i desember

Uendra prisvekst frå november.

10.01.2024

NPK-NTB: Høge prisar på mat, drikke og husleige bidreg mykje til den kraftige prisveksten på 4,8 prosent dei siste tolv månadene, melder SSB.

Konsumprisindeksen (KPI) steig 4,8 prosent frå desember 2022 til desember 2023. KPI-JAE, prisar justert for avgiftsendringar og utan energivarer, steig 5,5 prosent i same periode.

Tolvmånadersveksten er den same som vart målt i november.

– Frå november til desember var prisutviklinga for mange varer og tenester ganske lik som vi såg i same periode året før. Det gjer at tolvmånadersveksten i KPI held seg uendra frå førre månad, seier seksjonsleiar Espen Kristiansen i Statistisk sentralbyrå.

Årsveksten i KPI i 2023 enda på 5,5 prosent. Dette skil seg frå tolvmånadersveksten i desember, som måler desember 2023 mot desember 2022.

I KPI-JAE var årsveksten 6,2 prosent, det høgaste som har vore registrert nokon gong for denne indeksen.


Publisert: 10.01.2024 08:46

Sist oppdatert: 10.01.2024 08:46