Kort fortalt

4000 nye statstilsette

Sanner auka med 1000 i året.

20.02.2017
NPK-NTB: Talet på statstilsette i hovudstaden har auka med 4.000 stillingar mens Høgre og Frp har sete i regjering.
Ifølgje viser tal frå statens sentrale tenestemannsregister (SST) ein jamn auke på omkring 1.000 nye statstilsette i Oslo kvart av dei fire åra Høgre og Frp har sete i regjering, frå 42.773 statstilsette i Oslo i 2013 til 46.946 i 2016.
Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) har fått kritikk etter at han torsdag la fram ein plan om å flytte 1.200 statlege arbeidsplassar ut av Oslo. I tillegg skal 630 stillingar opprettast rundt om i landet.
Sogn og Fjordane har berre fått éi bekrefta ny stilling lagt dit.
– Éin arbeidsplass er ingenting. Vi håpar det blir 50. Og det kunne godt vore 4.000 statlege arbeidsplassar regjeringa gjekk inn for å lokalisere utanfor Oslo, seier Jenny Følling (Sp), fylkesordførar i Sogn og Fjordane.
Hun gir likevel regjeringa tommel opp for forsøket:
– Regjeringa skal trass alt ha pluss for å prøve på tusen arbeidsplassar, sjølv om det godt kunne vore fleire, seier Følling.
Av alle statstilsette jobbar 34 prosent i Oslo og Akershus. Nedst på lista er Aust-Agder, Sogn og Fjordane og Finnmark med høvesvis 1,2, 1,3 og 1,6 prosent av statlege arbeidsplassar.
(©NPK)

Publisert: 20.02.2017 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42