NPK-NTB: Over 1.000 arbeidarar vart sjekka i ein stor aksjon mot arbeidskriminalitet. 520 av dei arbeidde ulovleg, ifølgje styresmaktene.
Ifølgje har A-krimsentera, som er eit samarbeid mellom Arbeidstilsynet, Nav, politiet, Tollvesenet, skatteetaten og kemneren hatt aksjonar mot hundrevis av arbeidsplassar over heile landet. Aksjonen retta seg mot byggjebransjen i privatmarknaden, altså føretak som driv oppussing og arbeid heime hos folk i vanlege hus og leilegheiter.
Totalt har 323 kontrollørar frå dei ulike etatane utført tilsyn mot 480 tilfeldige arbeidsplassar i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Ålesund og Trøndelag.
Halvparten av arbeidstakarane som vart sjekka arbeidde ulovleg. Mange mangla HMS-papir og arbeidsløyve. 70 personar vart vist bort frå staden, 50 arbeidsplassar vart stengde med ein gong og seks personar vart arresterte av politiet.
Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) synest resultatet er skremmande.
– Det viser at det er mange som ikkje brukar seriøse aktørar, mange unndrar seg skatt, det er mykje trygdesvindel og mange er her på ulovleg grunnlag. Dei kriminelle skal jagast frå skanse til skanse. Dei skal sove svært dårleg om natta, seier arbeidsministeren.
Aksjonen blir omtalt som den største kartleggingsaksjonen nokosinne mot arbeidsmarknadskriminalitet i Noreg.

Publisert: 05.05.2017 09:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42