Kort fortalt

56 prosent seier nei til eigedomsskatt

Seks av sju kommunar har eigedomsskatt.

12.04.2017
(NPK-NTB): Eigedomsskatten er omdiskutert og omstridt. I ei ny meiningsmåling seier 56 prosent at dei er imot skatten.
Begge regjeringspartia er imot den kommunale skatten, men Høgre har ikkje noko vedtak om å fjerne han, og Framstegspartiet har prioritert andre saker, skriv . Under den blåblå regjeringa har 41 kommunar innført eigedomsskatt, slik at han no vert kravd inn i 365 av dei 426 kommunane i landet.
I samband med utarbeidinga av VGs partibarometer, har InFact spurt folk om dei er for eller mot eigedomsskatten. 56 prosent seier dei er imot, medan halvparten så mange – 27,8 prosent – er for. 16,2 prosent svarer «veit ikkje».
78,8 prosent av Høgres veljarar har lite til overs for skatten, medan motstanden er endå større blant Frps veljarar, der 83,7 prosent seier nei. Arbeidarpartiets veljarar er nesten delt på midten: 42,8 prosent er mot, medan 40,3 prosent er for. 17 prosent av Ap-veljarane svarer «veit ikkje».

Publisert: 12.04.2017 08:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42