Kort fortalt

Ap opnar for omkamp om fleirbruksfartøy

Vil at arbeidsmiljølova skal gjelde.

18.05.2017
NPK-NTB: Oljeindustrien er glad for at regjeringspartia og Venstre avviser forslaget om å innføre arbeidsmiljølova på fleirbruksfartøy, men Ap varslar omkamp.
– Vi meiner framleis at arbeidsmiljølova også bør gjelde på fleirbruksfartøy, seier Aps Dag Terje Andersen til NTB.
Fleirbruksfartøy blir ofte brukt til undervasisnstallasjonar på norsk sokkel og er gjerne registrerte under særrettsflagg. Dei maritimt tilsette kjem inn under sjøfartslovgjevinga, mens dei som arbeider med oljerelaterte operasjonar gjerne er innleigde frå bemanningsselskap.
LO og Industri Energi meiner arbeidsmiljølova må gjelde også for desse fartøya, men fleirtalet i Stortingets arbeids- og sosialkomité avviste denne veka eit forslag frå Ap, SV og Sp om å innføre ei forskriftsendring om dette innan 1. august.
Ap og SV har sjølv forlate ordlyden i det opphavlege forslaget, som no berre blir støtta av Sp. Dei to andre raudgrøne partia går i staden inn for at regjeringa i samarbeid med partane i arbeidslivet skal «gjennomgå regelverket og forskriftene med sikte på å endre verkeområdet til arbeidsmiljølova».
Stortingsfleirtalet med Høgre, Frp og Venstre avviser også dette meir modererte forslaget frå Ap og SV.
– Regjeringa vil komme tilbake til spørsmålet om fleirbruksfartøy i stortingsmeldinga om sikkerheit i petroleumsverksemda, som etter planen skal leggjast fram på vinteren 2018. Det går no føre seg eit godt arbeid med partane i arbeidslivet som eg har stor tiltru til, seier Høgres Arve Kambe, som leier Stortingets arbeids- og sosialkomité.

Publisert: 18.05.2017 11:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42