NPK-NTB: Frå nyttår får turistfiskarane større kvote, men må rekne eventuelle troféfisk inn i kvoten. Turistfiskeverksemdene må registrere både seg og fangsten.
På tre månader i vår beslagla tollarane i Nord-Noreg nesten 3.000 kilo fiskefilet på veg ut av landet. Det største enkeltbeslaget var på 285 kilo, 270 kilo over kvoten for turistfiskarar.
I dag er det berre enkelte fisketurismebedrifter som leverer tal til Havforskingsinstituttet, og det finst dermed inga fullstendig oversikt over kor mykje turistane fiskar.
No har Nærings- og fiskeridepartementet vedtatt ei ny forskrift for bedrifter som leiger ut båtar og fiskeutstyr til turistar. Frå 1. januar 2018 må desse bedriftene registrere seg og rapportere fangstane ein gong i månaden.
Fiskegjestene ved registrerte turistfiskeverksemder får auka kvoten frå 15 til 20 kilo fisk, mens alle andre turistar får kvoten redusert til 10 kilo. Ordninga med at turistane skal kunne ta med seg ein troféfisk i tillegg til kvoten, blir fjerna. Kvoten skal gjelde for sju dagar i staden for 24 timar som i dag.

Publisert: 05.07.2017 19:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41