Eit omstridd eksperiment på kvalar i Nordland har blitt avslutta, utan at forskarane sit igjen med svar.
Forskarar veit nesten ingenting om høyrselen til bardekvalane. Difor har Forsvarets forskningsinstitutt, amerikanske styresmakter og US Navy fått lov til å fange 12 vågekvalar og undersøkje høyrselen deira utanfor Stamsund i Nordland.
Prosjektet blei møtt av protestar då det blei annonsert.
No er prosjektet avslutta for i år. Forskarane greidde berre å fange tre vågekvalar, som blei lukka inne i eit nett og utsett for lydtestar, skriv NRK Nordland.
Etter tre veker viste det seg at to av kvalane var for store for testutstyret, medan den siste hadde rømt.
Sjefforskar Petter Kvadsheim ved Forsvarets forskningsinstitutt seier til NRK at prosjektet vil halde fram neste år.
Publisert: 28.06.2021 09:41
Sist oppdatert: 28.06.2021 09:42





