Kort fortalt

Ber mennene bli meir vaksne

Kvinnelege fiskarar saman mot trakassering.

03.05.2017
NPK: Kvinnelege fiskarar er lei av å bli fleipa med av mannlege kollegaer. No inviterer dei til samling for å diskutera korleis kvinner skal hevda seg i det mannsdominerte yrket.
– Det meste er nok meint på fleip. Det er sjeldan vondsinna ytringar, men det er avgrensa kor lenge kvinner på båt orkar å få spøkar med seksuelle ytringar slengt etter seg, seier initiativtakar til samlinga Trude Halvorsen til
Ho fortel at kvinnelege fiskarar nesten dagleg får slengt etter seg slike ytringar og meiner mannlege fiskarar må bli meir vaksne.
Initiativet hennar om å samla kvinnelege fiskarar for å diskutera problemet har blitt godt motteke. Tidlegare fiskeriminister Elisabeth Aspaker og Norges Råfisklag har mellom anna løyvd 20.000 kroner til samlinga, fortel avisa.
På samlinga i Alta i slutten av mai vil dei kvinnelege fiskarane diskutera kva som må til for å få fleire kvinner inn i yrket, og om det er behov for ei eiga kvinnefiske-foreining eller ei eiga grein for kvinnelege fiskarar i Norges Fiskarlag.

Publisert: 03.05.2017 12:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42