NPK-NTB Ein av de to store blåskjelprodusentane i Noreg hadde 9 prosent lågare omsetning i fjor enn året før. Den andre auka omsetnaden, men overskotet har forsvunne.: Snadder og Snaskum er Noregs eldste blåskjelprodusent. I fjor omsette selskapet for 17,4 millionar kroner, men eigar og dagleg leiar Magne Hoem trur resultatet ender på null, skriv Finansavisen. For fem år sidan hadde selskapet ein resultatmargin på over 15 prosent, men den har sakte, men sikkert falle, og ligg altså an til å bli heilt borte i 2016.
Det ser heller ikkje særleg lyst ut for den andre store produsenten, Norgesskjell. Der ville rett nok eit rekneskap som går i null vere ei forbetring frå underskotet på 3,7 millionar kroner før skatt i 2015. Tala frå i fjor er ikkje klare enno, men både omsetning og produksjon fall.
– Vi hadde ein tilbakegang i produksjonen på 100 tonn til 580 tonn, fortel eigar og dagleg leiar Johannes Koteng, som seier han ikkje hadde nok skjel til å dekkje etterspurnaden. Omsetnaden blei på 16 millionar kroner, mot 17,6 millionar året før.
(©NPK)

Publisert: 13.02.2017 09:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42