NPK: Lene og Øyvind Havåg frå Leikong på Sunnmøre skal ete berre norsk mat i eitt år. For prosjektet sitt "Norges matfat" får dei Bondelagets bondevettpris.
Eit ønske om berekraftig kosthald med ærleg mat, reine, kortreiste råvarer som følgjer sesongane er bakgrunnen for familien Havågs år med berre norsk mat.
– Lene og Øyvind Havåg har gjort det synleg for oss alle kor mykje arbeid som ligg bak kvart enkelt måltid, frå råvara blir produsert til maten ligg ferdig på tallerkenen, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, som delar ut prisen 3. mars på ein næringskonferanse i Molde.
Norges Bondelag deler ut Bondevettprisen til personar utanfor eller i norsk landbruk som har profilert landbruket på ein positiv og overraskande måte som samtidig er med på å byggje opp under betydninga av norsk mat, matkultur, historie og opphav.

Publisert: 02.03.2017 10:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42