Kort fortalt

Bra med eldre i jobb

Leiarar positive til eldre arbeidarar.

22.03.2017
NPK-NTB: I bedrifter med tilsette over 60 år meiner leiarane at seniorane er gode til samarbeid, problemløysing og produktivitet, viser ei undersøking.
Leiarane peikar også på at seniorane har lågt fråvær, vilje til læring, kreativitet og omstillingsevne, melder NRK.
– Denne undersøkinga bør eigentleg legge diskusjonen død, konkluderer direktør Kari Østerud i Senter for seniorpolitikk.
Undersøkinga er utført av Ipsos og er del av eit større prosjekt der forskingsinstituttet Nova, Arbeidsforskingsinstituttet, Nav og Senter for seniorpolitikk er med.
Østerud meiner undersøkinga bekreftar at høgare aldersgrense i arbeidslivet i Noreg ikkje har endra det positive synet til norske leiarar på eldre arbeidstakarar.
– Dei svarar at dei ikkje opplever det som eit problem at aldersgrensa er blitt heva, at dei har eldre arbeidstakarar tilsett, og at dei kjem til å bli eldre i framtida. Dei opplever ikkje at dei har måtta slite med eldre arbeidstakarar som ikkje fungerer, og dei opplever at dei er produktive, lojale og ansvarsfulle når dei gjer jobben sin, seier Østerud.

Publisert: 22.03.2017 09:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42