NPK: På åtte år er talet reisande med ekspressbussane redusert frå ti millionar til seks millionar i året. Dette svarar til ein nedgang på 40 prosent.
Dette skriv
– Mange ekspressbussruter er lagt ned fordi passasjergrunnlaget ikkje er godt nok, og på andre strekningar blir talet på avgangar redusert. Mange stader er ekspressbussane det einaste fylkeskryssande alternativet, seier administrerande direktør i NHO Transport Jon Stordrange til NRK.
Han ber regjeringa endre forholda for ekspressbussane slik at ikkje enno fleire ruter forsvinn. Mange fylke nektar i dag ekspressbussane å ta opp passasjerar og sleppe dei av i same fylket. Dette vil Stordrange og NHO Transport ha ei endring på.
Stordrange seier til NRK at NHO ikkje ventar offentleg støtte til ekspressbussane, men betre generelle rammevilkår. Eitt av vilkåra er å kunne ta på og sette av passasjerar innanfor eit fylke, og då må den lokale behovsprøvinga fjernast.

Publisert: 19.05.2017 13:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42