Kort fortalt

Byggebransjen ber om krisehjelp

Redd for å miste 30.000 arbeidarar.

16.11.2023

NPK-NTB: Byggenæringens Landsforening er redd for å miste 30.000 arbeidarar som følgje av at det er full stopp i byggjebransjen. No ber bransjen om krisepengar.

Prognosar frå Veidekke viser at produksjonen i den norske byggjemarknaden vil falle med over 30 milliardar kroner dei neste to åra. Det svarer til ifølgje Byggenæringens Landsforening (BNL) 30.000 årsverk, skriv Klassekampen.

– Vi er vande med svingingar, og dette er ei prosjektbasert næring, men no er fallet i bustadmarknaden så sterkt at det ikkje er ei svinging, seier Nina Solli, administrerande direktør i BNL.

Saman med Fellesforbundet har BNL bede regjeringa om ein krisepakke for å redde byggjenæringa.

Tal frå Boligprodusentenes Forening viser at salet av nye bustader har gått ned 32 prosent sidan oktober i fjor. Talet på nye igangsette bustadprosjekt i september var 62 prosent lågare enn fjoråret.

– Denne situasjonen liknar meir på 90-talet enn det som var under finanskrisa. Då mista vi over 40.000 årsverk, og dei kom aldri tilbake, seier Solli som er redd for at det skal skje igjen.

Ifølgje Nav har talet på arbeidsledige i bygg og anlegg auka med 37 prosent sidan oktober i fjor.

Publisert: 16.11.2023 08:27

Sist oppdatert: 16.11.2023 08:27