NPK: Oljeselskapet Statoil etablerer eit nytt digitalt kompetansesenter og skal bruke 1–2 milliardar på digital teknologi fram mot 2020.
Målet er å auke tryggleiken og effektivisere drifta, skriv
– Vårt mål er å vere ein global digital leiar innan våre kjerneområde og vi trappar no opp vår satsing for å gripe moglegheitene den raske utviklinga innanfor digital teknologi gir, seier konsernsjef Eldar Sætre i Statoil.
Som eksempel på nye digitale satsingsområde trekker Statoil fram robotisert boring og automatiserte installasjonar.
For å koordinere og leie arbeidet med digitalisering etablerer Statoil eit digitalt kompetansesenter.
Kompetansesenteret vil samarbeide med eksterne fagmiljø, ha eigne einingar for dataanalyse, maskinlæring og kunstig intelligens, i tillegg til leiarar for digitale program. Statoil vil rekruttere både internt og eksternt til kompetansesenteret, og leiaren vil rapportere til konserndirektøren for sikker og effektiv drift, skriv Stavanger Aftenblad.

Publisert: 22.05.2017 15:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42