NPK-NTB: Eit stort overskot for Tine betyr at det også blir ei solid etterbetaling til bøndene som leverer mjølk til samvirket.
Samvirket som er eigd av bøndene la onsdag fram eit resultat som viste eit overskot på 1,86 milliardar kroner før skatt. Det er 283 millionar meir enn året før og det beste resultatet konsernet har oppnådd «på år og dag», ifølgje Nationen.
Styret går inn for at drygt halve overskotet, 963 millionar kroner, skal føres tilbake til bøndene i form av ei etterbetaling på 66 øre per liter levert mjølk. I gjennomsnitt betyr det 112.000 kroner per bonde.
Sunniva Ravndal Veen og Ivar Are Veen i Rogaland ligg an til å få over dobbelt så mykje, drygt 250.000 kroner.
– Det er etterlengta pengar som vil komme godt med når vi skal nedbetale gjeld, seier Sunniva Veen. Ho seier pengane opnar for at dei kan investere og vidareutvikle garden.

Publisert: 16.02.2017 09:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42