Kort fortalt

Dale fekk raudt kort av bøndene

Store protestar i Oslo.

23.05.2017
NPK-NTB-Mats Rønning: Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) fekk raudt kort av misnøgde bønder utanfor Stortinget tysdag. No rettast krava mot politikarane inne på Stortinget.
Fleire tusen bønder hadde tatt turen til Oslo for å protestere mot jordbruksforhandlingane som havarerte i førre veke. Framfor Stortinget lytta dei tolmodig til bodskapen frå landbruksministeren -før dei fann fram dei store raude korta som dei var utstyrt med.
Landbruksministerens oppfordring om å utvise moderasjon på linje med andre grupper, blei ikkje godt mottatt. At statsråden minte om at jordbruket får snautt 15 milliardar kroner i samla overføringar frå staten og at kravet frå bondeorganisasjonane ville ha gitt ein inntektsvekst på 9 prosent, langt meir enn andre grupper, gjorde heller ikkje inntrykk på dei frammøtte.
– Tilbodet frå staten i år er betre enn resultatet i 2015 og 2016 som Bondelaget signerte på, sa Dale – igjen utan at bøndene lèt seg overtyde.

Krev meir

Rundt 1 milliard kroner skilte tilbodet frå staten og krava frå Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Statens første tilbod i jordbruksoppgjeret hadde ei ramme på 410 millionar kroner. Det siste tilbodet før brotet var på 550 millionar kroner, mens det opphavlege kravet frå bøndene var på 1,45 milliardar kroner.
– No er eg spent på kva Stortinget kjem til å gjere. Spent på om vi faktisk har politikarar som står for det dei har sagt og nyttar seg av handlingsrommet som dei har, sa den unge bonden Tone Rubach frå Troms i sin appell framfor Stortinget.
Rubach siktar til at Stortinget rett før jordbruksforhandlingane starta vedtok ein jordbruksmelding med eit inntektsmål som slår fast at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper skal reduserast. I motsetning til regjeringa vil bondeorganisasjonane helst snakke om kroner og ikkje prosent når inntektsutviklinga i landbruket skal skisserast.
– Andre yrkesgrupper har forventa inntektsvekst for 2018 på 16.700 kroner per årsverk. Regjeringa tilbyr jordbruket ein vekst på 8.000 kroner – altså berre halvparten. Det kallar ikkje eg satsing, sa leiar i Bondelaget Lars Petter Bartnes i sin appell.

Ber om meir

Same dag som bondeorganisasjonane tok turen til Oslo, mange i traktor, innleidde næringskomiteen sin behandling av jordbruksoppgjeret.
– Det er statens opphavlege tilbod som ligg til grunn for vår behandling. Det er dette tilbodet vi tar utgangspunkt i, men sjølvsagt er vi villige til å samtale med samarbeidspartia KrF og Venstre for å sjå om vi kan finne fram til ei semje, seier landbrukspolitisk talsperson i Frp Morten Ørsal Johansen til NTB.
Senterpartiet og SV har vore tydelege på at Stortinget bør plusse på tilbodet frå staten, men eit forslag frå SV om å sende heile oppgjeret i retur til regjeringa, fekk ikkje tilslutning frå noko anna parti på komitémøtet tysdag.
– Det overraskar meg. Ved å be partane ta opp att forhandlingane under den klare føresetnad at bøndene skal ha den same kronemessige inntektsutviklinga som andre grupper, kunne vi ha unngått ein langdryg prosess, seier Torgeir Knag Fylkesnes (SV).
Næringspolitisk talsperson i Senterpartiet Geir Pollestad ville ikkje støtte forslaget frå SV fordi han ikkje stolar på at regjeringa ville ha følgt opp bestillinga på ein tilfredsstillande måte.
– Er det noko eg har lært, så er det at bestillingar til denne regjeringa må vere tydelege, seier Pollestad.
Næringskomiteen skal gi frå seg innstilling om jordbruksoppgjeret 8. juni. Innan den tid er det venta å bli klart om bøndene kan vente seg meir i budsjettstøtte neste år enn det regjeringa opphavleg la opp til.

Publisert: 23.05.2017 22:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41