Kort fortalt

Dei 1600 rikaste får mest

"Folk flest" har fått ti kroner dagen i skattelette.

08.03.2017
NPK-NTB: 94 prosent av skattytarane i Noreg har i snitt fått 3.637 kroner i skattekutt sidan Høgre/Frp-regjeringa tok over. Altså rundt ti kroner dagen.
Det kjem ifølgje VG fram i eit brev finansminister Siv Jensen (Frp) har sendt Stortinget som svar på spørsmål frå Arbeidarpartiet.
Tala viser også at dei 1.600 rikaste personane i Noreg, med formue på over 100 millionar kroner, i snitt har fått 575.000 kroner i skattekutt – omtrent 1.600 kroner dagen.
Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre meiner tala viser at Noreg er på feil kurs.
–Regjeringa har gjennom fire år kutta skattane med 25 milliardar kroner og auka avgiftene med nesten fire milliardar kroner. No ser vi fasiten for korleis skattekutta fordeler seg, seier han.
Statsminister Erna Solberg (H) meiner tala viser at alle inntektsgrupper har fått skattelette.
–Dei fleste skattekuttmilliardane har gått til dei utan eller med lågast formue. Ein familie med normale inntekter og bustadlån har fått meir enn 8.000 kroner i skattelette, seier ho.

Publisert: 08.03.2017 08:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42