Kort fortalt

Departementet tek avisgrep

Solvik-Olsen garanterer avislevering.

16.03.2017
NPK-NTB: Avisleveringa i Sør-Noreg vil gå som normalt på laurdag, trass i konkursen i Norpost, garanterer Samferdselsdepartementet.
I eit møte med Mediebedriftene (MBL) torsdag bekrefta samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) at avisleveringa vil gå som normalt, trass i at Norpost, som er Kvikkas' underleverandør i Sør-Noreg, onsdag slo seg konkurs.
– Departementet forsikra oss om at laurdagsavisene vil bli leverte på laurdag. Vi tar forsikringane frå departementet til etterretning. Vi har etterspurt dokumentasjon i samband med Kvikkas' planar og tiltak, men har ikkje fått dette, seier Randi S. Øgrey i MBL.
Ifølgje har Norpost levert 47.000 aviser kvar laurdag.
Kvikkas vann anbodet om å levere lokalaviser på laurdagar rundt om i landet då Posten slutta å levere post på laurdagar. Men tusenvis av abonnentar fekk ikkje avisa si etter omlegginga.

Publisert: 16.03.2017 21:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42