Kort fortalt

Det kan fiskast 4.000 tonn snøkrabbe

500 tonn kan gå til andre land.

20.06.2017
NPK: Det er fastsett ein totalkvote på 4.000 tonn snøkrabbe for 2017. Av dette vert 500 tonn sett av til eventuelle avtaler med andre land.
– Snøkrabbe er ein spennande, ny art som har potensial til å bli ein verdifull ressurs. Vi er opptatt av at han skal forvaltast forsvarleg og berekraftig, seier fiskeriminister Per Sandberg i ei pressemelding.
Totalkvoten er fastsett på bakgrunn av råd frå Havforskingsinstituttet. Rådgjevinga er gitt på bakgrunn av at snøkrabben skal haustast berekraftig og samstundes gi grunnlag for verdiskaping for samfunnet, og med utgangspunkt i kunnskapsgrunnlaget om korleis artane påverkar kvarandre i økosystemet.

Publisert: 20.06.2017 10:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41