NPK-NTB Om lag 3.000 av DNBs bedriftskundar kan få kontoane sine sperra innan årsslutt grunna manglande rapportering.
Ifølgje står det til saman meir enn éin milliard kroner på kontoane som blir granska som ledd i arbeidet til banken mot kvitvasking.
Av 100.000 gjennomgåtte kontoar ser det ut til at 3.000 av dei må sperrast innan utgangen av året. Kvitvaskingslova pålegg banken å vite kven kunden er, personane bak selskapet og kven som har rett til midlane. Dersom opplysningane er mangelfulle eller utdaterte, blir kunden kontakta.
– Ein merker fort på kunden om noko skurrar når vi ber om ny informasjon. Ein høyrer om dei stressar eller ikkje når dei snakkar. Om vi synest det er rart, ser vi nærmare på transaksjonar, og då kan det hende vi finn overføringar som gjer at vi melder saka vidare, seier prosjektmedarbeidar Cathy Tran.
Lova pålegg banken å sperre kontoane dersom dei ikkje får oppdaterte opplysningar.
– Dette systemet skal fange opp finansielle transaksjonar som blant anna er knytt til menneskehandel, grov narkotikalovbrot, økonomisk kriminalitet og terrorfinansiering, seier avdelingsleiar Sven Arild Damslora i Økokrim.
Konserndirektør for bedriftsmarknaden i DNB, Benedicte Schilbred Fasmer, understrekar at dei nødig vil sperre kontoar.
– Vi har desperat prøvd å få tak i personane bak bedriftene som eig kontoane vi må sperre. Om ting kjem på plass, vil vi sjølvsagt gjerne ha dei som kundar, seier Fasmer.DnB sperrar 3000 kontoar

Publisert: 10.07.2017 08:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41