Kort fortalt

Drøymer du om å verte astronaut?

Då har du no sjansen.

NPK
12.04.2021

Den europeiske romorganisasjonen European Space Agency (ESA) har lagt ut noko så sjeldan som ein stillingsannonse der dei søker etter nye astronautar.

– Dei som blir tilsette no, kjem til å ta del i ein veldig spennande periode for romfart, og vil vere med på ting ingen nokosinne har gjort før, seier sektoransvarleg ved Norsk Romsenter, Marianne Vinje Tantillo, til E24.

Fram til no har ingen nordmenn fått tittelen som astronaut i ESA. Søkarar til stillinga må ha gyldig statsborgarskap i eitt av ESA-landa, må kunne snakke flytande engelsk, og det er venta at dei som søker har ein mastergrad innanfor naturvitskap eller teknologi. Dei må òg ha over tre års erfaring i sitt felt.

Publisert: 12.04.2021 16:49

Sist oppdatert: 12.04.2021 16:50