NPK-NTB: Ifølgje ein ny rapport blir dei behandla dårlegare enn norske arbeidarar ville akseptert.
Forskar Ada Engebrigtsen ved NOVA på Høgskolen i Oslo og Akershus legg kvalitative intervju med 15 polske gjestearbeidarar i forskjellige bransjar til grunn i sin studie. Ho har også intervjua personar i miljøa rundt arbeidarane som jobbar på korttidskontraktar i Noreg.
– Eit fellestrekk for alle dei eg har snakka med er at dei opplever å vere i ein utruleg sårbar og makteslaus situasjon der dei er prisgitt andre menneske på alle måtar, og der dei har lita tru på at ting kan endre seg til det betre, seier ho til .
Som eksempel nemner ho bygningsarbeidarar som fekk beskjed om at dei måtte på «dugnad», fordi ein gjer sånt i Noreg. Fire-fem arbeidarar jobba to helger med byggjearbeid på hytta til sjefen, betalt med pølse og lompe og tusen kroner kvar. Dei torde ikkje seie nei, til liks med andre polakkar som er redde for å miste jobben dersom dei klagar.
Ifølgje Engebrigtsen blir dei behandla på ein måte som norske arbeidarar ikkje ville akseptert, dei blir behandla utan respekt, får dei tyngste jobbane og den dårlegaste lønna.

Publisert: 23.03.2017 09:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42