NPK: Frå 1. november i år vert Nina Broch Mathisen leiar for Innovasjon Noreg i både Hordaland og Sogn og Fjordane.
– Det vil ikkje verte noko endring i kontorstrukturen og bemanninga kjem til å vere slik som den er i dag, seier divisjonsdirektør i Innovasjon Noreg, Per Niederbach, til NRK.
Han seier at bakgrunnen for omstruktureringa er todelt.
– For det eine vil vi kunne bruke kompetanse og ressursar meir på tvers ved ei samanslåing og så er dette samtidig ein del av ei regionreform der det regionale nivået skal omstrukturerast, fortel Niederbach.

Publisert: 09.05.2017 13:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42