Kort fortalt

Eldre et mest fisk

Fiskebruken varierer med alder, bustad og utdanning.

26.06.2017
NPK-NTB: Nordmenn et mykje fisk. Det er dei eldre i tillegg til innbyggjarar i Nord-Noreg som er dei ivrigaste fiskeetarane i landet.
Norsk fisk er, ved sida av olje, ein av dei største eksportartiklane i landet. Og her i landet viser levekårsundersøkinga frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at sju av ti nordmenn et fisk minst to gonger kvar veke. Då er både pålegg, lunsj og middag inkludert.
Det offisielle ernæringsrådet til Helsedirektoratet er å ete fisk 2–3 gonger i veka, og ifølgje tala frå SSB er det den eldre delen av befolkninga som er flinkast til det. I aldersgruppa over 67 år er det heile 85 prosent som oppgir å ete fisk meir enn to gonger i veka.
For dei mellom 16 og 24 år er delen 60 prosent. Same mønster teiknar seg når ein ser på yrkesstatus; pensjonistar et fisk mykje oftare enn studentane, opplyser SSB.
Undersøkinga slår også fast at dei med høg utdanning et meir fisk, i tillegg til at dei som er i jobb et meir fisk enn arbeidsledige. Det er ingen stor skilnad på menn og kvinner. Det er heller ingen automatikk i at dei som fører ein sunnare livsstil, et meir fisk enn andre. Røykjarar et like mykje som ikkje-røykjarar, og dei som trenar jamt et ikkje meir fisk enn dei som ikkje trenar.
Unntaket er aldersgruppa 16 til 24 år. Blant dei er det ei overvekt av ikkje-røykjarar og folk som trenar, av dei som et fisk jamleg.
Nordland toppar fylkesstatistikken. Der svarer 81 prosent at dei et fisk to gonger i veka eller meir. I Oslo oppgir 73 prosent at dei et fisk minst to gonger i veka, mens på botnen av statistikken ligg Vest-Agder med 64 prosent.

Publisert: 26.06.2017 11:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41