Kort fortalt

Er aldri brukt meir straum enn i 2021

Tre klare trendar.

NPK
17.01.2022

(NPK): Det ar tre klare trendar i straumbruken i fjor. Aldri har vi produsert meir, aldri har vi brukt meir, og aldri tidlegare har fleire bytt straumleverandør.

Dette går fram av ei oppsummering Elhub, eit dotterselskap av Statnett, har gjort. Elhud har samla inn data frå straummålarar i heile landet. Rapporten peikar på fem hovudtrendar i det dei kallar «det eksepsjonelle kraftåret» 2021, melder NRK Vestland.

  • Forbruket auka markant for hytter og fritidsbustader
  • Straumforbruket aukar også i hushalda, men meir moderat.
  • Sterkare konkurranse og nye aktørar blant straumleverandørane.
  • Det blir fleire plusskundar, som produserer meir straum enn dei brukar, til dømes gjennom solceller.
  • Stadig fleire skiftar leverandør.

Totalt skifta 800.000 kundar straumleverandør i 2021, og det er ny rekord.

– Volumet var spesielt stort i byrjinga av året, då det var mange medieoppslag knytte til Forbrukarrådet sin omtale av kraftleverandørane, pluss på slutten av året, då prisane var på sitt høgste, seier Sigbjørn Høgne, dagleg leiar i Elhub, til NRK.

Ved utgangen av året var det registrert 134 nettselskap og 155 kraftleverandørar, som er ti fleire enn året før. Laurdag vedtok landsstyret i SV at dei vil kvitte seg med selskapa som lever av å selje straum åleine.

(©NPK)

Publisert: 17.01.2022 19:59

Sist oppdatert: 17.01.2022 20:01

Mer om