Laur
PRISVARIASJON: Slik er elspotprisen på straum laurdag formiddag. Det er framleis enorme prisvariasjonar mellom sør- og aust-Norge og resten av landet. Skilnaden er nesten på tigangaren. Skjermdump: Statnett
Nytt

Hardt ut mot makspris på straum

Intereseorganisasjon for fornybarnæringa meiner at makspris kan føre til straummangel.

15.01.2022

Energi Norge meiner at ein makspris på straum kan gi kritisk energimangel i Norge og stanse det grøne skiftet.

- Innføringa av ein makspris er den beste måten å gjere ei straumkrise til ei reell energikrise, seier Toini Løvseth, direktør for marknad, kunder og elektrifisering i Energi Norge, i eit intervju med Klassekampen.

Energi Norge er interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen for fornybarnæringa.

- Rett og slett blackout
Fleire politiske parti, som Frp, SV og Raudt, har lufta tanken om makspris, medan regjeringa så langt har sagt nei.

Til Klassekampen viser Løvseth til at kostnaden med kraftproduksjon varierer med vêr, tid på året og energiform.

- Ein makspris på til dømes 35 øre vil gjere at det ikkje blir lønsamt for kraftprodusentane å levere kraft når kostnadene ved produksjonen er høgare enn maksprisen politikarane har satt. Resultatet vil kunne bli straummangel. Teoretisk sett rett og slett blackout, seier Løvseth.

Enorme prisvariasjonar
Det er framleis enorme skilnader på straumprisen i Norge.

Tal frå Statnett viser at elspotprisen på Nordvestlandet (i tillegg til spotpris kjem nettleige og avgifter) laurdag morgon på rundt 21 øre kilowatt-timen. Natt til laurdag var prisen nede i 16 øre kWh.

Sør for Sognefjorden og på sør- og austlandet er prisen nesten ti gongar høgare, og ligg på over to kroner per kilowatt-time.

Om lag same pris har Danmark, Sør-Sverige og Baltikum, medan prisen er endå høgare på store deler av kontinentet.

Forventar normalisering
I eit intervju med Dagens Næringsliv anslår Espen Fjeld, sjef for Energi Sal Norge, at næringslivet og det offentlege kan få ei ekstrarekning på opptil 10 milliardar kroner i 2021 samanlikna med normalåret 2019.

Det vert vist til at i desember i fjor var straumprisen fire gongar så høg som i desember 2019, i det som vert rekna som eit normalår.

Fjeld forventar at marknaden vil normalisere seg, og trur at 2022 totalt sett vil ende 38 prosent over 2019, medan prisane i 2023 vil vere tilbake på det normale.

Resultatet vil kunne bli straummangel. Teoretisk sett rett og slett blackout
Toni Løvseth

Lite å hente frå verna vassdrag
Fleire politikarar har ivra for at ein skal byggje ut verna vassdrag for å produserer meir billeg straum.

Blant anna har Frank Sve (Frp) til Klassekampen nemnd utbygging av Grindalsfossen i Geiranger som eit alternativ.

- I Geirangerfjorden skal cruiseskipa i framtida få straum frå land i staden for å la motoren gå når dei ligg til kai. Ved å byggje ut Grindalsfossen vil vi skaffe kraft på ein meir skånsam måte enn til dømes ved å byggje vindmøller, seier han.

NVE meiner derimot at det ligg særleg stort potensiale i å byggje ut verna vassdrag.

– Vi vurderer ikkje potensialet i verna vassdrag til å vere så stort. Vi trur det dreier seg om nokre få terawattimar. Det kan vere nokre prosjekt der, men det er ikkje det som kjem til å monne, seier Inga Nordberg, direktør for energi og konsesjonsavdelinga i NVE, til NRK.

Derimot viser ho til at det er større potensiale ved å oppgradere eksisterande vasskraftverk og isolere gamle bygg.

Publisert: 15.01.2022 10:37

Sist oppdatert: 15.01.2022 13:40

Mer om